Anmeldelser
Forkynnar Johannes Kleppa i Bergen.
Tore Hjalmar Sævik
Håp gjennom det håplause
Denne vesle boka er som litteratur nokså enkel, men ho formidlar eit sterkt vitnemål, og mange tankar til ettertanke. Boka ber undertittelen «en reise i tro og utholdenhet». Det er sant, men det er også ei reise i håp.
Forfattaren har ei svært uvanleg reise gjennom livet, frå ekstrem fattigdom i Kongo til eit «normalt» liv i Noreg. Han voks opp utan far i livet sitt, og med ei mor som måte skaffa pengar til livets opphald på nedrig vis.
Han fekk to mindreårige søsken, som han fungerte som far for. Gjennom det heile er det ein ekstrem fattigdom, både med tanke på mat, buforhold og skulegang. På det familiære planet endar det med at mora vert teken til fange, og sidan dei ikkje klarer betala 500 dollar i løysepengar, vert ho avretta.