SASSOON: Kodeksen utstilt av auksjonshuset Sotheby's.
John Minchillo/AP/NTB
Historisk bibel selt for 419 millionar kroner
No vil kjøparen donere den 1100 år gamle bibelen til eit jødisk museum.
Nyleg samla ei rekke rikfolk seg på det verdskjende auksjonshuset Sotheby's i New York.
På podiet stod verdas eldste kopi av Den hebraiske bibel, Sassoon-kodeksen.
I fire intense minuttar bydde to aktuelle kjøparar mot kvarandre før salet enda på 38,1 millionar dollar, tilsvarande 419 millionar kroner.