| Debatt
Inspirerande frå Vekkinga på Vigeland
BOK: Vekkinga som skjedde på Vigeland på Sørlandet fekk etter måten store oppslag i ulike media, både kristne og profane, skriv Johannes Kleppa.
Foto: Johanna Hundvin Almelid
Vekkinga som skjedde på Vigeland på Sørlandet fekk etter måten store oppslag i ulike media, både kristne og profane. Det heile var nokså uvanleg, i alle fall i vår tid, og det var nokså omfattande. No har denne vekkinga fått si bok, og det er naturleg og bra.
Det heile starta forsiktig i hausten 2022 og slutta medan det var på topp eit lite år seinare, men ringverknadene slutta ikkje med det. Det har vore mange og stor vekkingar her i landet, og mange har vore mykje større enn denne med tanke på kor mange som vart frelste, særleg om vi tenkjer det geografiske området det skjedde på. Går vi tilbake til starten av 1900-talet var vekkingane voldsomme og landsomfattande. Seinare har det også vore store vekkingar, men svært lite den siste generasjon.
Overgjev seg til Gud