Anmeldelser
TALSMANN I HIMMELEN: Job seier at hans «utløysar» lever, og at han har eit «vitne» eller ein «talsmann» i himmelen. Det må vera Jesus, Herrens tenar eller Messias, skriv Johannes Kleppa.
Odd Mehus
Jesus i Jobs bok
Etter si oppstode underviste Jesus dei såkalla «emmausvandrarane» om si liding, sin død og si oppstode, og det gjorde han ut frå dei ulike skriftene i Det gamle testamentet. Alle Skriftene talar altså om Jesus, og då gjer også Jobs bok det. Spørsmålet er korleis dette skjer og korleis Jesus møter oss i dei ulike bøkene i Bibelen.
Job seier at hans «utløysar» lever, og at han har eit «vitne» eller ein «talsmann» i himmelen. Det må vera Jesus, Herrens tenar eller Messias. Her er det tydeleg at Jesus er i Jobs bok, men er det alt? Denne boka hevdar at Job er eit føredøme eller ein type på Jesus, som ein skugge av det som skulle koma. Vi kallar denne måten å lesa Det gamle testamentet på for «typologisk».
Nokre gonger, slik som med Melkisedek, finn vi ein slik lesemåte i NT. Andre gonger brukar ikkje Bibelen typologi direkte, men det har vore vanleg å forstå personar som førebilete på Jesus, kanskje særleg Josef. Nokre har også forstått Job slik, men det har ikkje vore den vanelege tolkinga av Jobs bok.