Anmeldelser
JULEHEFTE: Herborg Kråkevik er redaktør for «Juleroser».
Omslag
Juleroser for store og små
Julehefta lever. Men det er andre enn dei som var før, og dei nye er heller ikkje heilt som i tidlegare tider. I alle fall – på Det Norske Samlaget er nynorskdama frå Hardanger, Herborg Kråkevik, redaktør for både eit vaksenhefte og eit familiehefte. Flotte trykksaker. Forseggjorde både i form og stil, fargar og layout. Med dikt, poesi, teikningar, kunst, kultur, andakt, refleksjonar.
Prisane er heller ikkje heilt som før; vaksenheftet kostar 199 kr og familieheftet 149. Men det er ok. Det kostar å produsera trykksaker. Mange av oss veit litt om det.
Her er ikkje plass for å rekna opp alle som bidreg i desse to. Eg får nøya meg med to, tre døme. I vaksenheftet likte eg godt Ingrid Bjørnovs «Så ingen krok er mørk». Både denne og mykje av det andre stoffet handlar om ljos. Bjørnov skriv om då dei fekk juletreljos med fjernkontroll. Og levande om korleis det bar til då ljoset og straumen gjekk på sjølvaste julafta. Kosteleg!