Anmeldelser
Kong Magnus, Landslova og kristen tenking
Det er mange som bør lesa denne boka, særleg politikarar i alle parti og andre som har ansvar for samfunnet vårt.
La det vera sagt med ein gong: Dette er ei svært interessant, opplysande og lærerik bok. Eg kan ikkje hugsa sist eg las noko tilsvarande, i alle fall ikkje av profan sakprosa. Eg vonar difor boka får mange lesarar i ulike lag av folket vårt. Forfattar og forlag fortener stor takk for dette verket. I ei relativ kort bokmelding er det umogleg å få fram alt det interessante og lærerike i boka, men eg skal gje nokre glimt.
I utgangspunktet kunne ein tenkja at ei bok om ei lovbok, altså ei bok om juss, ville vera kjedelege greier. Når det ikkje er slik, har det sin hovudgrunn i innhaldet, men også i framstillinga. Forfattaren, Jørn Øyrehagen Sunde, er professor i rettsvitskap, og det er svært tydeleg at han kan sine ting. Han har fått fleire prisar for framifrå formidling, og det er ikkje vanskeleg å forstå etter å ha lese denne boka. Han skriv dessutan eit uvanleg godt nynorsk.
Hovudpersonen i boka er kong Magnus Lagabøter. Han fekk altså tilnamnet sitt fordi han «bøtte lover», i praksis vil det seia at han fekk laga fleire lovbøker, der Landslova av 1274 er hovudverket. Eg skal ikkje her bruka plass til å presentera dei ulike lovbøkene, men berre understreka at dei alle var rettslege nyvinningar, og dei hadde stor verknad i lang tid. Ei lovbok for Island er faktisk formelt gyldig enda!
Det er ei fascinerande historie knytt til Magnus som person og hans veg til kongestolen. Han skulle i utgangspunktet ikkje verta konge, men det enda med at han vart ein av dei viktigaste kongane vi har hatt. Han laga altså lover, men han førte ikkje krig. Vi skal her ikkje gå inn på kong Magnus si livshistorie. I boka er det sjølvsagt også nemnt fleire andre kongar og mange sentrale personar i styringa av landet. Til tider kan det vera vanskeleg å fylgja med i alle detaljane her, men det skal vi la liggja.
Det som er spesielt interessant og lærerikt, er kong Magnus si gudstru og måten han ser seg i lys av Gud som konge.
Det som er spesielt interessant og lærerikt, er kong Magnus si gudstru og måten han ser seg i lys av Gud som konge. Han har fått kongsgjerninga si frå Gud, og han står til ansvar for Gud. Lovgjevinga står også i dette lyset. Lovene skal avspegla Gud og hans gode vilje for folket. Med det skal lovene vera ein tenar for det som er rett og godt ut frå Guds vesen og vilje. Det er altså snakka om kristent fundert lovgjeving i brei meining av ordet.
I år skal vi feire 1000-årsjubileum for Mostertinget og Kristenretten. Kristninga av landet hadde jo byrja lenge før det, men dette var ein milepæl med tanke på kristning av lov og rett i kongeriket. Vi har ofte dette i fokus når det gjeld vår tusenårige kristne historie, men vi bør ha minst like sterkt søkjelys på Landslova som kom 250 år seinare, og inkludera 750-årsfeiringa av denne i tusenårsjubileet. Det var altså først i 1275 vi fekk ei landsomfattande lov, og ikkje berre tinglover for dei ulike landsdelane. Dette var også ei komplett gjennomarbeidd lov, ikkje berre enkeltståande rettsreglar.
Landslova er altså ei omfattande, gjennomarbeidd og konsistent lov ut frå kristen tru og etikk. Det kjem til uttrykk på mange område, men ikkje minst med tanke på ekteskapet og når det gjeld svake grupper som kvinner og born. Omsynet til og omsorga for fattige utmerkar seg særleg. Det heng nok saman med slik fattige er omtalte i Bibelen, men også det at Magnus hadde fått si opplæring ved fransiskanarklosteret i Bergen. Det er interessant å fylgja Sunde når han går gjennom den kristne orienteringa hjå kong Magnus og i Landslova. Det er ei mild lov.
Kong Magnes var ein av dei mektigaste i Vest-Europa i si tid, med mange kontaktar i kongehus rundt omkring. Han hadde dessutan nære medarbeidarar som var uvanleg godt skolerte, særleg i juss og lovarbeid. Landslova vert rekna som ei av dei fremste lovene som vart laga i Europa på den tida.
Det var eit uvanleg godt stykk lovarbeid. Det å lag ei systematisk og samanhengande lovbok for heile samfunnet, ikkje berre enkeltståande rettsreglar, var svært krevjande og komplisert. Landslova er difor eit imponerande arbeid med sine ni delar, 220 kapittel og om lag 1000 reglar. Ved denne lova vart Noreg bygd gjennom mellomalderen. Ho stod ved lag i over 350 år til vi fekk Kongelova på 1600-talet. Kong Magnus og Landslova skapte på mange måtar Noreg slik vi kjenner det.
Det går ei line med kristen tenking og etikk frå Kristenretten, gjennom Landslova via Kongelova til Grunnlova sin paragraf 2 i 1814. Det hadde svært gode konsekvensar for samfunnet vårt. No skjer det oppløysing ved at vi har løyst oss frå Kristenretten og Landslov si lovtenking og fått ulover.
Det er mange som bør lesa denne boka, særleg politikarar i alle parti og andre som har ansvar for samfunnet vårt. Kristne generelt, og spesielt kristne leiarar, bør også lesa boka. Boka gir hjelp til å forstå samfunnet vårt historisk, og ho gir mykje til ettertanke når det gjeld dagens samfunn og lovgjeving.