Anmeldelser
Lærerikt om dei sterkttruande
Det er i seg sjølv uvanleg at ei «utbrytargruppe», som dei sterkttruande må seiast å ha vore, har overlevd og er vitale etter 200 år.
Frå tidleg på 1800-talet, om lag 1820, utvikla det seg ei kristen rørsle som vert kalla «dei sterkttruande». Det geografiske hovudområdet for denne retninga var strekninga Stavanger-Kristiansand, med eit tyngdepunkt i Bjerkreim.
Den som i starten var den formande krafta, var lekpreikaren Knud K. Spødervold (1791–1848) i Rogaland, og nokså snart Torkild Hammersmark (1802–1873) i Kristiansand-området. Etter kvart vart dei to store sentra for denne åndsretninga Egersund og Kristiansand.
Den rette trua
I forkynninga var det sterk vekt på nåden og trua åleine, og ein var svært oppteken med den rette læra og rett bruk av sakramenta, og aller mest av den rette trua. Det kunnskaps- og læremessige vart med det svært viktig i sjølve trua, slik at det personlege og tillitsaspektet vart nedtont.
Livsstilen var markant pietistisk, og det oppstod ein sterk kritikk av Den norske kyrkja og prestane. Ein var også i opposisjon til haugianarane, fordi ein meinte dei ikkje la sterkt nok vekt på trua åleine.
Eit lukke samfunn
Det heile utvikla seg til at det vart oppretta eit nytt kyrkjesamfunn i 1890, Menigheten Samfundet. Det vart eit svært særmerkt kyrkjesamfunn både med tanke på teologi og lære, og ikkje minst i forholdet til andre kristne samanhengar og forholdet til samfunnet og folket rundt seg.
Det vart i stor grad eit lukke samfunn med sterk indre justis. Det har difor lenge vore noko mystisk knytt til dette kyrkjesamfunnet, trass i at dei sjølve har skrive mykje – både ved eigne preikesamlingar og oppbyggingsbøker, blad og tidsskrift, referat og historiske framstillingar.
Frå innsida, men sakleg
I dei seinare åra har vi fått fleire bøker som omhandlar dei sterkttruande og «Samfundet», både skrive av folk utanfor og folk som har vore eller er på innsida. Denne boka er nok den mest systematiske, gjennomarbeidde og omfattande framstillinga.
Forfattaren vaks opp i «Samfundet», men meldt seg ut 2015, og er no førsteamanuensis i pedagogikk. Eg synest han har kome svært godt frå oppgåva.
Han kjenner dei sterkttruande frå innsida, men ser sakleg på det heile. Framstillinga er positiv, altså ikkje prega av oppgjer med eit kyrkjesamfunn han har meldt seg ut av, men det er heller ikkje eit forsvarsskrift eller eit hyllingsskrift for dei sterkttruande.
Vitale etter 200 år
Menigheten Samfundet eksisterer altså framleis, og er eit vitalt kyrkjesamfunn med mange medlemmar i eit avgrensa geografisk område. Det er i seg sjølv uvanleg at ei «utbrytargruppe», som dei sterkttruande må seiast å ha vore, har overlevd og er vitale etter 200 år.
Det er ekstra spesielt fordi det har vore mykje strid og splitting, både av læremessig, organisatorisk og personorientert karakter. Fleire gonger har grupper brote ut og etablert sitt eige kyrkjesamfunn, men fleire av dei har gått inn.
I dag er det tre kyrkjesamfunn som lever, med Menigheten Samfundet som det desidert største med nesten 1800 medlemmer, Det Almindelige Samfund med cirka 260 medlemmer og Det Almindelige Lutherske Samfund som desidert minst med cirka 50 medlemmer.
Ordet «samfund» går altså att i alle, og kvart «Samfund» reknar seg som den einaste sanne kyrkja. Alle omtalar seg sjølv som «Samfundet» og som «samfunnsfolk», men av utanforståande vert dei gjerne omtala som «lomlendingar» og «perar», for kvart sitt kyrkjesamfunn.
Skule
Skulearbeid har vore ein svært viktig del av «Samfundet» sitt arbeid, og er det framleis. Det gjeld særleg grunnskular, men også lærarskule som supplerer den offentlege utdanninga. Dagens friskular innan «Samfundet» har godt ord på seg fagleg sett. Det har vore mange profilerte forstandarar, men Bernt B. Lomeland (1836–1900) og Peder (Per) O. Nodland (1842–1909) har vore særleg sentrale og formande på kvar sin måte.
Det vil i ei melding som dette føra for vidt om eg skulle fyljga utviklinga detaljert eller for dei ulike kyrkjesamfunna og skuletiltaka kvar for seg. Det får det vera opp til lesaren av boka å gjera.
Sjølv om «Samfundet», same kva av kyrkjesamfunna det gjeld, framleis er særprega og delvis lukka, er dei no langt meir opne og tilpassa tida vi lever i, enn for få år tilbake. Kvinnene hadde lenge få funksjonar, bortsette frå ei spesiell kvinne med ein svært spesiell posisjon og funksjon, Kristine Skipstad.
Godt bidrag
Det kan vera at folk på innsida av «Samfundet» vil vurdera framstillinga på ulike punkt annleis enn eg gjer, men for meg verkar dette som ei godt dokumentert, nøktern og seriøs framstilling, i ein kombinasjon av kritisk og sympatisk tilnærming.
Det må jo vera ei svært interessant bok for folk i område der «Samfundet» står sterkt, eller for folk som har familiemedlemmar og kjenningar i desse samanhengane, men også for alle som er interesserte i kyrkjehistorie og kristne åndsretningar. Det er enda eit godt bidrag i serien Kyrkjefag Profil frå Høgskulen i Volda.