Med Johannes Kleppa på bibel- og naturcamp
For tredje sommaren på rad deltek Johannes Kleppa på bibel- og naturcamp på KVS Bygland.
Bibel- og naturcampen vert i år arrangert i perioden 29. juni til 6. juli.
- Bygland er ein flott stad, og opplegget for campen er like flott. Det passar for barnefamiliar som for eldre folk, eller ein ungdomsgjeng som vil ha det kjekt saman og få lytta til Guds ord.
Med bibeltimar om morgonen og møte om kvelden er det vekt på forkynning av Guds ord, men det er samstundes god tid til ulike typar aktivitetar og turar i skog og mark, med fiske for den som likar det.
Elgsafari
- Eg har hatt fine kajakkturar på Byglandsfjorden, og på ein joggetur fekk eg endatil sjå ein elg! Eg har likt meg så godt på denne campen at eg i år er tilbake som talar for tredje året på rad, seier Johannes Kleppa, som i tillegg til bibeltimane også skal ha ein kulturkveld om bedehuset som misjonshus og kulturhus.
I år vert det og rikelig høve til å sjå att elgen, for den yngste av talarane på årets camp, Byglands eigen Tommy Greibesland, har nemlig lagt opp til elgsafari.
Varierte aktivitetar
Nytt av året er og leirdueskyting og «gravemaskinmoro», i tillegg til fjellturar, fisketurar, hesteridning, bading og friluftsaktivitetar av mange slag!
Også i år vert det båttur på Byglandsfjorden med DS Bjoren laurdag 5. juli. Deretter vert det konsert i Bygland kyrkje med Nordens beste munnspelar Charlie Blackwater, og grillkveld på KVS Bygland.
Besteforeldre og borneborn
Noko som kjenneteikner campen er alle besteforeldra som tek med seg borneborna sine. Så her er ei god spredning i alle aldersgrupper, og godt samhold og inkludering av alle deltakarar.
Mange legg delar av sommarferien til Sørlandskysten. Kvifor ikkje og få med seg det som rører seg i dalstroka innafor? Då er bibel- og naturcamp på KVS Bygland staden å reise til!
For full programoversikt, gå inn på Stevneguiden.no Der finn du link til campens heimeside.