| Bokmelding
Moderne faste kan smaka av sjølvhjelp. Vardens bok er ei motvekt.
BOKAKTUELL: Katolsk biskop i Trondheim, Erik Varden, er produktiv, men loddar djupt. Han er ute med ny engelskspråkleg bok knytt til fastetida.
Christian Nielsen
Kort tid før Erik Varden i 2007 skulle avleggja sine evige lovnader og gå inn i munkane sine rekkjer, fekk han eit fotografi tilsendt. Biletet var frå ein freske, motivet ein mann i munkedrakt, nagla til eit kors. Følgjeteksten var barsk: «Den korsfestede munken».
Den unge Varden såg for så vidt relevansen. Noko urovekkjande var det like fullt. Utanfrå verkar i alle fall ei slik helsing meir vondsinna enn velvalt. Men la oss venta litt med å konkludera.
Sår