FULL STORLEIK: Modellen av Noahs ark er bygd i full storleik etter måla som er oppgitte i 1. Mosebok.
Foto: Peter Dejong / AP / NTB
Noahs ark kan hamne på sandgrunn i Israel
Etter store økonomiske tap i Nederland kan ein spesiell farkost ende opp i Negevørkenen.
Dagen har fleire gonger skrive om prosjektet til nederlendaren Johan Huibers som vart ein realitet i 2012: Ein modell av Noahs ark bygd etter måla som er oppgitt i Første Mosebok. Det meste av tida har båten vore plassert i Dordrecht i Nederland, men var ein periode i Ipswich i England.
No ligg det an til at båten skal ut på havet igjen, melder den europeiske kristne nyheitsnettsida CNE News.
Fortel om milliontap