BLEI RIKSKJENDIS: Arvid Mæland er med i NRK-serien Cowboyen og kongen.
Alice Tegle
NRK-cowboyen inviterer 5000 på lovsongskonsert på heimegarden: – Det blir magisk
Arvid Mæland frå NRK-serien «Cowboyen og kongen» har bydd ein million kroner for å få lovsongsmusikarar til å halde konsert på garden hans.
«Denne songen og denne stemma gir meg heilt frysning, og er det andre som liker denne, så skriv ein helsing eller stort halleluja unna, del gjerne (...). Passar med 500 Yes, vil eg prøva og få denne gruppa til Kongsdalen neste år», skreiv Arvid Mæland til sine 18.000 Facebook-følgjarar sist veke.
Lovsongen Goodness of God, framført av Jenn Johnson i amerikanske Bethel Church, har nå fått NRK-profilen Arvid Mæland til å sette himmel og jord i rørsle.
Han vil ha lovsongskonsert og vekking.