Anmeldelser
Om kristen motivasjon
Det er nokre bøker eg får eit ambivalent forhold til, og som er vanskelege å melda. Dette er ei slik bok. Her er mykje godt og nødvendig bibelsk stoff, samstundes som det er noko som skurrar i mine åndeleg øyro.
Det er mykje å ta til seg, men det går likesom ikkje heilt opp bibelsk sett. Når vi les Guds ord, bør spørsmålet ikkje vera kva vi får ut av det, men kva Gud får ut av det, ifølgje forfattaren
Det er på sett og vis ei misjonsbok, særleg med tanke på motivasjon og drivkraft i kristent liv og kristent arbeid. Det trengst, og det er både til ransaking og refleksjon. Frelsesgrunnlaget, frelsestileigning og frelsesvegen er tydeleg. Forfattaren har dessutan eit langt liv i trufast misjonsarbeid bak seg.
Han er nok litt karismatisk orientert, men det er ingen herlegdomsteologi. Det gjekk tjue år med vedhaldande og omfattande bøn og mykje og variert arbeid, før den første vart omvendt, og etter det har det kome ein flokk med. Han fortel også om ein lang og vanskeleg periode i si eiga trusreise.
Boka har fått gode ord frå ei rekkje kristenleiarar som eg har stor respekt for, men eg har like fullt eit atterhald. Jax hevdar at vår djupast motivasjon ligg i Guds herlegdom og ære, ikkje i alt folk skal vert frelse. Det siste set mennesket i sentrum, medan det første set Guds i sentrum. Difor er det første rett, og det siste feil.
Også for Faderen og Sonen er den djupast motivasjonen at Gud skal få herlegdom og ære. Dette trur eg ikkje er bibelsk rett. Slik Guds kjærleik og frelsesgjerning vert framstilt (jfr Johs 3,16), er spissen og motivasjonen at folk skal verta frelste. Gud ære og at han, stig fram i herlegdom, er ein konsekvens av det. Slik trur eg det må vera også for vår teneste.
Det å stilla Guds ære i sentrum er ein typisk kalvinsk tenkjemåte, og då vert Guds ære eit sentralpunkt og orenteringspunkt. I luthersk teologi er rettferdiggjering ved tru sentralpunktet og orienteringspunktet. Kor Dag Jax står i forhold til kalvinismen, veit eg ikkje, men i framstillinga er det tydelege kalvinske drag.
Boka fremjar på ein sterkt måte misjonsengasjement og prioritering av Gud i livet. Det som kanskje gjorde sterkast inntrykk på meg, var vektlegginga av bøn i misjonsarbeidet. Det er altså mykje å henta i boka, men eg trur motivasjonstenkinga ikkje kjem heilt til rette med det Guds ord seier om dette.