RIKDOM: Forfattar Hans Johan Sagrusten opplever openberringsboka som sterk og rik.

Oppdaga si eiga tid i Johannes' openberring

Mange har lese den siste boka i Bibelen for å forstå framtida. Hans Johan Sagrusten har oppdaga meir om samtida og seg sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Teologen er ute med boka «Johannes openberring. Ein samtidsvisjon» på Verbum forlag. Utgangspunktet var at han fekk spørsmål om å halde bibeltimar om boka på generalforsamlinga til Misjonssambandet for fire år sidan.

Nesten eit år med førebuing inspirerte han til å studere heile boka inngåande.

Speglar eige liv

Lesinga overtydde han om at apokalypsen ikkje berre handlar om ting som skal skje heretter.

– Boka mi handlar nok meir om korleis vi i vår tid kan spegle oss og kjenne oss igjen. Vi kan også få ei kjensle av at boka kjenner igjen oss og vårt liv, seier Sagrusten som denne veka er gjest i Dagen-podkasten Tore og Tarjei.

Tidlegare har han arbeidd i Bibelselskapet og gitt ut ei rekke bøker over eit breitt spekter av sjangrar. I dag arbeider han som sokneprest i Lom.

Talande bilete

– Korleis går du gjennom boka?

– Det er ikkje ei drøfting av kva alle andre har skrive, men mitt møte med teksten, seier Sagrusten.

Han har med vite ikkje gått inn på den lange og innfløkte tolkingshistoria til ei av dei mest omdiskuterte og omstridde bøkene i Bibelen. I staden har han lese langsamt fleire gonger, stort sett på gresk. Undervegs har han notert observasjonar og refleksjonar på lappar. Det er blitt ein tjukk bunke.

– Kor lett er det å frigjere seg frå det som folk har lese ut av boka før?

– Eg skulle ønskje at fleire får frimot til å gjere akkurat det same som eg - lese teksten på eiga hand og la bileta stige fram som kjem, og kjenne etter kva dei gjer med livet ditt i dag.

Sagrusten meiner dette er den mest intuitive og naturlege måten å lese både Bibelen og andre tekstar.

– Kanskje kjem eg ikkje til å forstå alt, men nokre ting kjem til å tala til meg, seier han.

Ingen nøytral omtale

Same kva tekst eller kunstuttrykk ein står overfor, meiner Sagrusten det er viktig å vere klar over at lesaren alltid tek med noko av seg sjølv når ein tolkar.

– Dersom eg skulle prøve å skrive ein heilt nøytral omtale av Johannes´ openberring, hadde det for det første vorte ei nokså kjedeleg bok.

Han ventar ikkje at alle skal vere samde med han i alt, men oppmodar andre til å lese, tenkje og skrive vidare.

Hans Johan Sagrusten

Fødd 1970. Kjem frå Vågå i Gudbrandsdalen.

Har arbeidd som mellom anna bibelomsetjar, forlagssjef i Verbum, prest i Det Evangelisk-Lutherske Kirkesamfunn og rektor ved Kvitsund gymnas.

Har skrive ei rekke bøker om alt frå bibelbruk og bibelfaglege spørsmål til poesi og humor.

Leitar etter ord

– Kva er det som kjenneteiknar openberringsboka?

– Johannes er ein som får ei rekke syn og visjonar som han ikkje hadde venta å få. Han snublar nokså uførebudd frå syn til syn utan å forstå det.

Han meiner skriftet ber preg av at forfattaren leitar etter ord.

– Men han let vere å tolke. Han har klart å halde fingrane frå fatet og seier: Eg såg. Og så skriv han om eit bilete han såg.

Sagrusten vurderer boka som «fantastisk fri for tolkingar».

– Det gjer dette til ein utruleg sterk, rik og flott tekst som lesarar til alle tider, også i vår tid, kan stige inn i og sjå seg omkring. Somme av bileta gir ikkje meining, men ein god del gir også meining for oss i vår tid, seier han.

NATUR: Dei dramatiske endringane i naturen er eitt av trekka frå apokalypsen som Hans Johan Sagrusten kjenner igjen i si eiga samtid.

Forstår frykt

Allereie i oldkyrkja var somme teologar skeptiske til Johannes' openberring. Seinare meinte Martin Luther at boka ikkje burde vere med i Bibelen.

– Forstår du dei som meiner at boka kan gjere lesarar forvirra og skremde?

– Ja, det skjønar eg. Og det er eg inne på i boka mi også, seier Sagrusten.

Realistisk om naturen

– Kva var det som overtydde deg om at du måtte lese skriftet som ein samtidsvisjon og ikkje ein framtidsvisjon?

– Det var ikkje noko eg bestemte meg for, men slik har eg eigentleg lese i årevis, seier han.

Det er ei erfaring han har gjort med andre tekstar tidlegare.: «Oi, denne teksten forstår meg!»

Skildringar av brå endringar i naturen har gjort inntrykk på Sagrusten: Ein tredel av havet vert øydelagt, og sola får makt til å svi menneska.

– For 50 år sidan ville ingen tenkt at dette var realistisk, seier han.

No registrerer han derimot stadig apokalytiske uttrykk i nyheitene.

– I dag brukar klimaforskarar tilsvarande formuleringar utan at dei veit det.

For 50 år sidan ville ingen tenkt at dette var realistisk.

Hans Johan Sagrusten

Gråtande kongar og handelsmenn

På den tida Johannes skreiv ned openberringa, var det rundt ein prosent av befolkninga som budde i byar. No gjeld dette for første gong over 50 prosent av menneska.

– Likevel handlar ein stor del av Openberringa om byar, seier Sagrusten.

Han viser til omtalen av «den store byens fall», som han ser repetert kvar gong eit samfunn går under. Dessutan undrar han seg over at Openberringa skildar korleis boka omtalar kongar, handelsmenn og skipsførarar som græt over at handelen har stoppa opp. Det kjenner han igjen frå koronatida.

– Eg tenkjer ikkje at koronatida er oppfyllinga med stor O av det som står i Openberringa, men eg tenkjer at ho forstår oss i vår tid.

Hjelp til sjølvinnsikt

Djupast sett meiner Sagrusten det ikkje er lesaren som blar i openberringsboka.

– Det er ho som blar i oss, i mitt liv, og spør meg: Kvifor har du prioritert slik som du gjer? Kvifor lever du som du gjer? Det fører oss ut i sjølvrefleksjon. Og eg tenkjer det er slik Gud brukar boka, til å hjelpe oss til å analysere livet vårt her og no.

Det er ho som blar i oss, i mitt liv, og spør meg: Kvifor har du prioritert slik som du gjer?

Hans Johan Sagrusten

Til liv for folka

Sjølv om Sagrusten synest det har vore eit stort alvor over å gå så djupt inn i Openberringa, har han også sett mykje lys. Det gjeld sjølv om det greske ordet for «håp» ikkje vert brukt.

– Håpet er knytt til å halde ut, seier han.

Det synest han er sterkt med tanke på at nettopp denne boka til alle tider har vore viktig for forfølgde kristne, slik også i dag.

Skildringa av Guds trone, der livet flyt ut. Livets tre er ikkje for guden sjølv, slik det vanlege er i mytar, men for folka.

– Gud er altså ingen sjølvoppteken narsissist. Guds trone er ein stad der liv heile tida strøymer ut. Han gir liv og lækjedom. Det gjeld her og no, men endå meir det evige livet. Dette er det finaste biletet som eg har skildra i mi bok.

Ikkje endetidsskjema

Sagrusten er usikker på om det ut frå Johannes´ openberringer mogleg å lese ut ei systematisk forståing av kva som skal skje i framtida.

– Eg er ikkje sikker på at det er så fruktbart heller, seier han.

Han meiner det ikkje nødvendigvis har så mykje føre seg å lese boka kronologisk og træ eit tidsskjema ned over boka.

– Då kjem vi fort på villspor. Eg håper ikkje folk går seg bort i endetidsteoriar, seier han.

Eg håper ikkje folk går seg bort i endetidsteoriar.

Hans Johan Sagrusten

Varierte Jesus-bilete

Ei viktig side ved boka hans er at Openberringa har mange Jesus-bilete.

– Mange av dei kjenner vi igjen frå evangelia, men det er også bilete som vi kanskje ikkje har møtt andre stader i Bibelen, påpeikar Sagrusten.

Han påpeikar at dei spenner frå det vesle og jordnære med barnet og Lammet til det store, kosmiske biletet av han som er sigerherren og alfa og omega.

– Dette er bilete som eg ikkje føler at eg må samordne og få dei til å gå opp, men dei vil gi oss forskjellige ting alt etter kvar vi er i livet. Jesus møter oss på forskjellige måtar, i forskjellige skapnader og forskjellige bilete, men akkurat som Johannes skal vi få oppleve at han er den same som i evangelia.

Powered by Labrador CMS