På blind date med Morten
Korleis er det å gå på date med ein solid kristen, singel kar? Dagens single journalist testar ein blind date med «datingekspert» Morten Eikli.
Sjølv om han sjølv er singel, reiser Morten Eikli (25) rundt og snakkar til ungdom om sex, porno og det å vere kjærast. Han er omtala som datingekspert og førre veke kom han med datingtips i Dagen.
Men korleis er det å faktisk gå på blind date, lurer eg på. Kollegaer tenner på ideen. Og Morten er med.
Spent møter eg opp fem minutt før tida i ein nesten tom Tullins Café. Formiddagen er tydelegvis ikkje ei normal tid å date på.