DAGEN-FORTID: Jan Inge Sørbø meiner han var best orientert i samtidslitteraturen på den tida han var journalist i Dagen.
FOTO: Tore Hjalmar Sævik
Professor fascinert av korleis forfattarar gjenoppdagar Bibelen
Litteraturprofessor Jan Inge Sørbø ser mindre av gamle fordommar når dagens forfattarar nærmar seg bibelforteljingane.
Forholdet mellom teologi og litteratur har interessert Sørbø gjennom heile yrkeslivet. Han begynte som journalist i Dagen på 1980-talet. Så var han i Stavanger Aftenblad nokre år før han etter kvart vart professor ved Høgskulen i Volda.
I fjor runda han 70 år og er blitt emeritus. Men på loftet i Lettbygget på campus i den sunnmørske bygdebyen har han framleis stua inn eit skrivebord, mange hyllemeter med bøker og ein lenestol å lese dei i.
– Det slår meg at litteratane og diktarane som tek i bruk bibelforteljingane, og tek i bruk bibelske ord og vendingar, ofte gjer det på ein forfriskande måte, seier Sørbø.