Satsar over 1,6 milliardar kroner på animert Jesus-film
Sidan 1979 har millionar sett filmen om Jesu liv. No kjem den i animert utgåve.
Den gamle Jesus-filmen fra 70-tallet er blitt omsett til fleire språk enn nokon annan film, ifølgje Guinness rekordbok.
Ved å lage animasjonsfilm om Jesu liv, håper filmskaparane spesielt å nå unge menneske.
– Animasjon er ein sterk måte å fortelje historier på, seier Josh Newell, som leier dette arbeidet, til Religion News Service.
Ikkje som «The Passion»
Planane vart lansert i førre veke på Museum of the Bible i Washington D. C. Parallelt var det tilsvarande markeringar i Uganda og Sør-Korea.
Regissøren for den nye filmen, Dominic Carola, har tidlegare jobba med filmar som «The Lion King», «Mulan» og «Lilo & Stitch».
Han opplyser at dei arbeider tett med historiske ekspertar for å framstille karakterane og miljøet på ein truverdig måte.
Somme deler av historia vil ein framstille med særleg stor varsemd. Til dømes gjeld det krossfestinga.
– Vi vil opplagt ikkje gjere så lite som mogleg av det han gjorde for oss, men vi vil heilt klart ikkje vise det på same nivå som «The Passion of the Christ», seier Carola.
Mel Gibsons film frå 2004 vart omdiskutert for dvelinga ved Jesu liding og død.
Oppvekking av død jente
Som med den gamle Jesus-filmen, regissert av Peter Sykes og John Krish, er det Lukas-evangeliet som ligg til grunn for manus.
Under lanseringa viste ein eit klipp der Jesus vekkjer opp dotter til synagogeforstandaren Jairus. Dette er blitt vist for fokusgrupper i forskjellige kulturar og land.
– Vi vil dvele ved augneblinkane der det ikkje er ord i Bibelen, og vi vil sjå Jesus samhandle på nokre nye måtar som vi ikkje såg i den førre versjonen, seier Josh Newell.
Den gamle filmen, som finst tilgjengeleg på Youtube, varer i rundt to timar. Den nye skal bli på rundt 90 minutt.
Har fått inn over 500 millionar
Midt i november hadde ein skaffa rundt ein tredel av prosjektkonstadene. Totalt reknar ein med at desse blir på 150 millionar dollar, som tilsvarar drygt 1,6 milliardar norske kroner.
Filmen skal ha kvalitet som andre påkosta bibelske animasjonsfilmar, som «The Prince of Egypt» frå 1998. Men ein tek dessutan i bruk 3D-animasjon som er brukt i filmar som «Toy Story».
Filmskaparane har mål om å inkludere digitale tilleggsopplevingar. Ved bruk av VR-briller kan det vere at ein får høve til å følgje Jesus langs Via dolorosa på veg til Golgata, eller reise med båten på den stormfulle Gennesaretsjøen som Jesus stilna, ifølgje evangalia.
Ein første introduksjon
Den gamle Jesus-filmen hadde premiere på amerikanske kinoar i 1979. Allereie året etter vart han vist i India og på Filippinene. Seinare har han vorte spreidd stadig vidare.
– Filmen er mykje brukt av pionermisjonærar, sa professor Lars Dahle ved NLA Mediehøgskolen til Dagen i fjor.
Dahle har i mange år hatt eit sterkt engasjement for mediemisjon, ikkje minst gjennom den globale Lausannerørsla.
– Filmen kan fungere som ein første introduksjon til Jesus frå Nasaret og ein invitasjon til å bli betre kjend med ham, mener Dahle.
Ser stort potensial
Den amerikanske pastoren, forfattaren og misjonsleiaren David Platt ser stort potensial for ein animert Jesus-film.
Under lanseringa av prosjektet påpeika han at det lever fleire menneske enn nokon gong som veit lite eller ingenting om Jesus.
– For ei moglegheit vi har til å bruke eit medium som Gud har gitt oss for å nå ikkje berre menneske, men den neste generasjonen, med evangeliet, sa Platt.