Anmeldelser

BARNEBIBEL: Sofie Braut er begeistra for den nye måten å fortelja bibelhistoriar til barn.

Sofie Braut: Dette er ein barnebibel til å få bakoversveis av

Du har sikkert, som underteikna, vore innom tanken om at barnebibel-marknaden snart må vera metta. Det er fordi du aldri har sett denne.

Publisert Sist oppdatert

Logoen til det nye forlaget Fennec: Eit par søte øyrer tilhøyrande ein ørkenrev. «Et morsomt dyr man ikke kan ta feil av», skriv det ferske forlaget på sine heimesider. Heller ikkje deira nye utgjeving er til å ta feil av. Eg blir glad berre av denne vesle logoens enkle genistrek. Men det viser seg snart berre å vera ein forsmak.

KREATIV OPPKOMME: Haakon Lie er forfattar og illustratør som har begått ein briljant barnebibel

Forfattar og illustratør Haakon Lie har alt fleire leikne utgjevingar på Cappelen Damm forlag. Han har mellom anna illustrert bøker av den prisvinnande forfattaren Tor-Åge Bringsværd. No er han i gang med sitt store prosjekt. Den nye barnebibelen «der alle karakterene er dyr» er eit konsept som vekkjer motførestillingar før du får sagt Adam.

Eva som elefant

Eva som elefant? Moses som flodhest? Og Noa som bever? Det er noko ved denne barnebibelen som garantert vil smella på gongongen i lesestunda, slik at ingen lenger ligg og duppar av før leggjetid.

Du trur det kanskje ikkje før du ser det. Men når du først har sett det, skal du ikkje undervurdera kva det gjer med trua. Du blir garantert gladare, meir nysgjerrig og fleire knepp klokare på både bibelhistorie og skaparverk.

Du trur det kanskje ikkje før du ser det. Men når du først har sett det, skal du ikkje undervurdera kva det gjer med trua.

Slik går det når alle Bibelens personar er framstilte som dyr i dette geniale og kreative eldoradoet av ein barnebibel. Alt omslaget introduserer oss for den tornado-teologien som ventar innanfor dei store og slitesterke permane. Dette er ei praktbok. Og ei bruksbok.

Anmeldt/bok

Løven av Juda. Første del av barnebibel-trilogien Løfteslandet

Tekst og illustrasjoner ved Haakon Lie

Forlag: Fennec, 2024

216 s.

Flamingo som munnskjenk

Men om nokon mistenkjer at all denne halloien berre handlar om desperate manøvrar for å erobra ein marknad med beinhard konkurranse: Tru om att.

Haakon Lie sitt prosjekt er ei fartsfylt formidlingsglede, men for meg ser dette først og fremst ut som kunnskapsformidling av beste merke. Her lærer sjølv den erfarne bibellesar nye sider ved dei mangfaldige bibelforteljingane.

Visste du at Kaleb er hebraisk for «hund», for eksempel? Eller at kvar av dei tolv speidarane i forteljinga om Josva har dyrenamn som passar til oppdraget? Eller at ein flamingo er den perfekte munnskjenk?

No er imidlertid tida kommen for å få vita slikt som dette. Eit grundig og på alle måtar gjennomarbeidd prosjekt ventar den som slår følgje med inn i Haakon Lies kreative bibelformidling.

NY BARNEBIBEL: Du har aldri sett bibelhistoria som dette før, men teologien er det likevel ingen ting å seia på.

Grevling-pedagogikk

Gjennomgangsfiguren, «Skriveren Sjafan», er eit artig innslag. Han er ein klippegrevling, og minner om at det er ein raud tråd gjennom heile Bibelen. Grevlingen er skjønn, og poenget superpedagogisk.

Konkurranseinstinktet får dessutan sitt når ein stadig kan få vera førstemann til å finna Sjafan utover i lesinga.

På grunn av det romslege formatet, får Lies kreative illustrasjonar breia seg ut, og det blir plass til djupdykk og plass til å dvela ved detaljane. Det er eit stort pluss.

Her er gjort plass til stille sider, med mindre rørsle, slik som det nydelege himmelblå oppslaget for skaparverkets sjuande dag. Her er myldresider, breiddfulle av liv. Mørke bilete vert avløyste av lyse, og alvor og glede vekslar. Her snakkar vi gjennomtenkt barnebok-dynamikk.

Fullskala dramatikk

Og her er ein type fullskala dramatikk, kanskje litt skummelt for dei aller minste, som speler ut kontrastane, undera og maktkampane i verdas viktigaste forteljing. Det er rett og slett episk. Over det heile vakar løva; den aller mektigaste, Kongen, som på ulikt vis styrer forteljinga, dukkar opp ved alle viktige vegskilje.

Skal tru om det ikkje er kombinasjonen av glede og gudsfrykt som gir denne oppdrifta?

Det synest som noko anna ligg under dette formidable og eksplosivt kreative prosjektet, noko som liksom løfter det heile, som ein annan gedigen og fargerik luftballong. Skal tru om det ikkje er kombinasjonen av glede og gudsfrykt som gir denne oppdrifta?

Det er i alle fall dette eg sit att med etter å ha bladd og begeistra meg gjennom boka.

Duell ved Niles breidd

Å sjå Josef som villokse, til dømes, er heilt i pakt med tydinga av namnet hans. Det tilfører noko nytt til karakteren som både er treffande og sannferdig. Samtidig får eg i passelege porsjonar vita ting om landskap, historie og bakgrunn for forteljinga om han.

Eller ta duellen mellom farao-krokodilla og flodhesten Moses. Sjeldan har du sett dette oppgjeret så intenst og epokegjerande som i Haakon Lies framstilling. Og utfallet ligg alt skjult i visse eigenskapar vi lærer om desse to dyra.

Du treng slett ikkje vera pedagog for å kjenna boblande begeistring over dei gode og bibelforankra forklaringane som finst for nær sagt kvart eit kreativt grep forfattaren har teke. Det er nok med eitt og anna wow!

Bibelklokskap

Haakon Lie og grafisk designar Thomas S. Hansen har altså starta eit eige forlag for å gi ut det som skal bli trilogien Løfteslandet. Deira visjon er «å publisere barnebøker og historier som er mer enn eventyr og magi».

«Løven av Juda» leverer så til dei grader i tråd med denne visjonen. Barn blir garantert både bibelkloke og nyfikne på Jesus- Løva av Juda- i møte med denne barnebibelen.

Om du verken ler, undrar deg eller blir oppbygd av dei godt og vel 200 sidene her, har du truleg berre ikkje lagt vekk mobilen.

Først får du bakoversveis. Deretter eit bidrag til bibelglede og høgtlesing som du seint gløymer. Og du blir betre kjent med den skapargud som er all kreativitets opphav.

Det er berre å gleda seg til oppfølgjarane.

Powered by Labrador CMS