For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Anmeldelser

IMPONERT: Eg er imponert av det arbeidet Espen Ottosen har lagt ned i denne boka. Det gjeld både omfanget og kvaliteten, skriv Johannes Kleppa.

Solid om grunnar for kristen etikk

Espen Ottosens eintydige konklusjon er at den sterkaste og enklaste grunngjevinga for objektiv etikk er Gud.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ikkje ei «vanleg» etikkbok, altså ei bok som framstiller kristen etikk på ulike temaområde. Derimot er det ei bok om grunnlaget for etikken, altså om argumentasjon for etikk og for definerte etiske standpunkt. Spørsmålet er særleg om det finst ein objektiv etikk, og korleis det i så fall kan grunngjevast. Tittelen og tematikken viser tilbake til ei utsegn av den kjente russiske forfattaren Fjodor Dostojevski.

Espen Ottosen har i mange år delteke i den offentlege debatten med kristne standpunkt inn i ulike samanhengar, og svært ofte har det gått på etiske og verdimessige standpunkt. Han har i den samanhengen gjort ein imponerande innsats for å fremja bibeltru standpunkt og grunngje desse inn i samfunn og politikk. Han har formell utdanning både som teolog og filosof, og det merkest tydeleg i denne boka.

Ottosen tek for seg ei rekkje filosofar og korleis dei tenkjer om etikk. Det gjeld særleg om dei tenkjer subjektiv eller objektivt om etikken, altså om det er ein etikk som forpliktar alle og til alle tider, eller om etikken er flytande og relativistisk ut frå personleg overtyding og erfaring. Det finst ei rekkje posisjonar her, men hovudsaka er om det er subjektivt eller objektivt. Det store spørsmålet vert også om det er mogleg å grunngje ein forpliktande objektiv etikk ut frå naturen, rasjonaliteten eller erfaringa, eller om det må skje – eller best skjer – ut frå at det finst ein Gud som etikk fell tilbake på.

Powered by Labrador CMS