For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| Bokmelding

Spenstig frå Erling Thu

BOK: Thu skriv svært detaljert om mykje av det han var med på, om folk han møtte og samarbeidde med og korleis han til ei kvar tid tenkte, skriv Johannes Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Alle som har fylgt litt med i Kristen-Noreg dei siste 60 åra har nok merka seg Erling Thu sitt namn. Han har på mange måtar vore ei særmerkt plante i Guds hage. Han har vore både omtykt og kontroversiell. No har han saman med kona, Solveig, sett seg føre å skriva deira biografi eller livssoge. Det skjer på den måten at Erling skriv om livet sitt, misjonsarbeid han har vore med i og tankar han har gjort seg om mangt og mykje. 

Solveig kjem så inn med kommentarar til ein del av dette, og korleis ho har opplevde det heile sett frå sin ståstad som trufast kone og medhjelpar. Det er difor Erling som set tonen i boka og i hovudsak fører ordet. Det er stort sett han som står både for det spenstige og det som utfordrar i boka, og som eg difor føreheld meg mest til i denne meldinga.

Det er tanken at det skal koma tre bøker, der denne er frå barndommen, utviklinga i ungdomsåra, ekteskapet og den første tida i ulike tenester i Guds rike fram til 1980. Det skal så koma ei bok som utdjupar arbeidet dei har vore med på i India, og ei bok som konsentrerer seg om Kristent Fellesskap og deira teneste der. Det vert til saman mykje stoff, og ein må venta med ei totalvurdering av prosjektet til alt er på plass. Så langt er det i stor grad den opprørske og engasjerte Erling Thu vi får møta.

Powered by Labrador CMS