Anmeldelser
KRIGEN: Dei to «største» hendingane farfar var med på, var senkinga av det tyske slagskipet «Scharnhorst» i romjula 1943. Her ligg skipet ved kai ved Wilhelmshaven-brygga i Tyskland, 1939.
AP / NTB
Sterkt møte med ein krigsseglar
Tittelen på boka fortel at dette handlar ikkje berre om farfar som var ute i krigen, men kanskje like mykje om korleis det var for farmor å leva med mannen som hadde ein krevjande bagasje. Krigsseglar-syndromet vart det kalla før. Etter kvart kom nemninga posttraumatisk stress-syndrom i bruk. Farfar Einar heldt maska, for å seia det slik, frå krigsslutt til 1973. Men då kom samanbrotet. Og ei tid etter – opninga for at alt dette vonde kunne snakkast om – og etter kvart bli bok av.
Slektskrønike
Det er altså Einar Møllerhaug (1921–1998) som er farfar til forfattaren. Han vart kort tid etter andre verdskrigen gift med Alfhild, farmor, som levde heilt til årsskiftet 2023/24.