| Kultur
Stort verk om endetid og Jesu atterkomme
ENDETID OG JESU ATTERKOMME: Ivar Haugsbakk har no fullført sitt store verk om endetida og Jesu atterkomme. Det spenner over fire bøker som er frå 645 til 786 sider, skriv Johannes Kleppa
Foto: Adobe Stock
Ivar Haugsbakk har no fullført sitt store verk om endetida og Jesu atterkomme. Det spenner over fire bøker som er frå 645 til 786 sider. Det er knapt nok eit einaste tema eller bibelvers knytt til temaet som han ikkje er innom. Nokre gonger spenner det så vidt at ein lurer på om han er utafor temaet, men etter sitt grunnsyn er han nok innafor.
Haugsbakk står for ei form for dispensasjonalisme, men det er nok ikkje alle som står for dette grunnsynet som vil vera samd med han i alt. Sjølv står eg nokså langt frå mykje av det Haugsbakk lærer, men det betyr ikkje at bøkene er utan interesse.
Det ville føra alt for langt å gå detaljert inn på argumentasjonsmåtar og syn som vert framførte i ei så omfattande framstilling som vi her har å gjera med. Dessutan ville det i vesentleg grad vera styrt av mitt eige syn, som altså i stor grad avvik frå det Haugsbakk står for.