Anmeldelser
OMDISKUTERT: Ole Hallesby var professor i teologi ved Menighetsfakultetet fra 1909 til 1951.
Scanpix / NTB
Storverk om Hallesby sin teologi
Professor Ole Hallesby er etter menneskelege mål den fremste kristenleiaren vi har hatt her i landet etter Hans Nielsen Hauge si tid. Han spelte på eit vidt register, der hovudposisjonane var professor i systematisk teologi ved MF og formann i Indremisjonsselskapet, men han verka i mange og ulike samanhengar gjennom eit langt liv.
Det er skrive fleire biografiar om han, og artiklar av ulik karakter som vurderer sider ved teologien hans, men vi har mangla ein meir omfattande analyse og ei vurdering av Hallesby sin teologi, både dogmatikken og etikken. No har vi fått det.
Omfattande verk