For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Treng vi evangeliske kloster?

Dette spørsmålet er ikkje så spinnvilt som det i første omgang kan høyrast ut!

Publisert Sist oppdatert

Kloster treng ikkje vera katolsk, og klosterrørsla har opp gjennom historia vore eit viktig lekmannsarbeid, viktig for utbreiinga av evangeliet, diakonalt arbeid og for kristen kunnskap og tenking. Klosteret er ei gamal arbeidsform i kyrkje og misjon, særleg mykje hadde det å seia dei første århundra i kyrkja sin ekspansjon.

Etter Egil Grandhagen slutta som generalsekretær i NLM, har han arbeidd mykje med den austlege kyrkja og den første misjonstida, altså kyrkje og misjon frå Jerusalem via dagens Irak og Iran til India og Kina og områda rundt (Dagen 6/1). Noko av det han har funne ut, er at klosterrørsla, ein teologisk skule og gudfryktige leiarar var viktig for misjonsarbeidet og det livskraftige kristenlivet som voks fram. Desse elementa heng saman. Vi gjer klokt i å læra noko av det som her skjedde, med tanke på vår tid.

Når vi tenkjer på kloster, tenkjer vi lett på det lukka, på det asketiske og på bestemte klesdraktar. Då får vi ikkje heilt tak i kva klosterrørsla var frå starten, kva intensjonen er, og kva ho har hatt å seia for misjonsarbeidet. Noko av det viktigaste med klosteret er konsentrasjonen om Ordet og bøna, og med det om den personlege gudsrelasjonen og det personlege gudslivet.

Powered by Labrador CMS