FESTIVAL: Ei redusert utgåve av pasjonsverket vart framført under Egil Hovland-festivalen i Fredrikstad i oktober.

Unge syng seg inn i påskemysteriet

Nytt pasjonsverk kombinerer bibeltekstar med moderne musikalsk uttrykk for band og kor.

Publisert Sist oppdatert

Palmesøndag er det urframføring av «Pascha Iuvenalis» i Bø kyrkje i Telemark.

– Vi har jobba med dette i sidan 2020, fortel komponist Odd Johan Overøye.

Til dagleg er han førsteamanuensis i musikk ved NTNU.

Tekstane er skrivne av Arve Brunvoll, salmediktar og professor emeritus ved NLA Høgskolen. Både komponist og tekstforfattar har ein omfattande produksjon over eit breitt spekter bak seg.

KOMPONIST: Odd Johan Overøye er komponist og førsteamanuensis ved NTNU i Trondheim.

Pascha Iuvenalis

Medverkande i urframføringa i Bø kyrkje er Seltin, SØK (regionalt ungdomskor frå Ung kirkesang), Bø kyrkjekor, solistane Hilde Norland Gundersen, Andreas Hoff, Jakob Leirvik, Helga Samset (resitasjon) og eit seksmanns orkester.

Prosjektet har nynorsk språkdrakt og er eit møtepunkt mellom unge, talentfulle korsongarar og profesjonelle solistar og musikarar.

Sakna verk for unge

Verket er bestilt av organisasjonen Ung kirkesang som arbeider for å fremje korsong på alle nivå over heile landet. Bakgrunnen var at ein meinte det mangla eit større verk for ungdom med påsketematikk.

– Dei er opptekne av å ta den «fiberrike» kulturen på alvor, seier Overøye.

Han har sjølv bakgrunn i klassisk musikk, men har også jobba med rytmiske musikalske uttrykk. Det nye verket ber mest preg av det siste. Impulsar har han henta frå mellom anna musikalen Jesus Christ Superstar, gospel og cabaret-scenen.

– Først tenkte Brunvoll og eg å lage ei messe. Men under arbeidet vart eg så inspirert av den dramatiske og sterke fortellinga. Resultatet var noko som også kan setjast opp som eit fullskala musikkdramatisk verk, seier han.

Tekstar direkte frå Bibelen er kombinerte med meditasjonar over desse formulerte av Brunvoll. Kvar dag i den stille veka har fått sine eigne songar.

VARIASJON: Pasjonsverket er mogleg å tilpasse fleire format og ensemble ifølgje komponist Odd Johan Overøye.

Gripen av forteljinga

Musikken er skriven for eit moderne band. Under premieren har orkesteret seks medlemmer.

– Er det noko av det som skjedde i påska, som du ser på ein ny måte i lys av dette arbeidet?

– Eg vert kanskje på ein eigen måte gripen av påskeforteljinga, og har prøvd å illustrere og spegle tekstane musikalsk. Ein må identifisere seg med tekstane og dykke under overflata. Det påverkar intensiteten ein opplever dei med, seier Overøye.

Siktar mot gjenbruk

Tanken er at verket skal kunne setjast opp på forskjellige stader og på forskjellige måtar, avhengig av lokale ressursar.

– Det vert heilt sikkert sett opp igjen neste påske. Ideen er at det skal kunne bli gjenbrukt knytt til påskehøgtida, og gjerne med unge involvert, seier komponisten.

Powered by Labrador CMS