Anmeldelser
BIBELTRUSKAP: Erling Thu legg stor vekt på bibeltruskap og det å bøya seg for det Guds ord seier, også når det går mot tankane i tida.
KS arkiv
Utfordrande om underordning
Erling Thu ligg ikkje på latsida, men produserer den eine boka etter den andre. Han har gjennom eit langt liv arbeidd med teolog og forkynning, og bøkene er tydeleg frukter av det.
Denne gongen gjeld det særleg spørsmålet om underordning, og då med debatten som gjekk om dette for kort tid sidan, som bakgrunn. Det gjer boka aktuell, men det kan også gjera at boka etter relativt kort tid kan opplevast som utdatert. Hovudmomenta i boka er uansett tidlause.
Thu legg stor vekt på bibeltruskap og det å bøya seg for det Guds ord seier, også når det går mot tankane i tida. Argument som at vi lever i 2023, at det er vanskeleg å overføra til vår tid eller at ein ikkje får underordning til, fell med det til jorda som irrelevante. Thu er veldig tydleg på korleis han forstår Skrifta og kva han står for. Nokre gonger kan det opplevast provoserande eller uvanleg.