Anmeldelser
NYTTIG BOK: Janne Haaland Matlary skrive ei svært opplysande, spennande og nyttig bok, skriv Johannes Kleppa.
Kari Fure
Vekkarklokke om demokrati og tenking
Janne Haaland Matlary meiner demokratiet i Vesten opplever sterke tendensar til underminering, og at toleransen i stor grad har gått over til intoleranse.
Det skjer mykje i samfunn, politikk og tenking for tida, både nasjonalt og internasjonalt. Det skjer så mykje og så raskt at det er vanskeleg å fylgja med, og det er så radikalt og nytt at det er vanskeleg å forstå det som skjer. Vi vert til tider overvelda, og opplever utviklinga skræmande. Det er sterke tendensar til einsretting, og kristen tru og tenking er under sterkt angrep.
Inn i denne situasjonen har professor Janne Haaland Matlary skrive ei svært opplysande, spennande og nyttig bok. Boka har eit innhald som kan fungera både som brannfakkel og vekkarklokke. Det er ei bok og ei tenking som langt frå er politisk korrekt eller som let seg styra av dei dominerande og intolerante tankane i tida. Det er forfriskande å lesa ei slik alternativ framstilling av det meste vi møter i media. Framstillinga er offensiv og frimodig, og til tider litt sjarmerande arrogant. Matlary er statsvitar med internasjonal politikk som spesiale, og med omfattande internasjonal orientering og erfaring. Dessutan er ho katolikk med gode kontaktar i Vatikanet.
Det er demokratiet og spørsmålet om toleranse som er hovudtema for boka. Ho meiner demokratiet i Vesten opplever sterke tendensar til underminering, og at toleransen i stor grad har gått over til intoleranse. Ho viser dette teoretisk, og ho gjev ei mengd døme på at det er tilfelle. Det vil føra for langt å gå inn på argumentasjonsrekkjer og dokumentasjon på det ho hevder. Eg må avgrensa det til å peika på nokre tema ho drøfter.