Kommentar

HUGSA I HEIMLANDET: Ein av mange uttrykk for medkjensle med dei bortførte og deira næraste etter 7. oktober-terroren i Israel.

100 dagar sidan Noreg gløymde terroren mot jødane

At det jødiske perspektivet på krigen mot Hamas så raskt vart gløymt her til lands, er ein trist samanfall av mangel på menneskeleg innleving og manglande politisk realisme.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje lett å leva seg inn i situasjonen til dei som lever i etterdønningane etter den verste terroren mot jødar etter andre verdskrig. Uansett vårt «syn på» krigen mellom Israel og terrororganisasjonen Hamas, bør vi prøva.

Gløymde gislar

Sist sundag var det hundre dagar sidan 7. oktober-angrepet mot Israel. Det vart raskt gløymt. I dag, om lag, er det nemleg hundre dagar sidan det offentlege Noreg og norske overskrifter gløymde den bestialske terroren som fann stad på israelsk landjord.

Sit gislane i mørke tunnelar? Sit dei fanga i private heimar? Lever dei? Hundre dagar, tusen spekulasjonar.

Også den desperate gisselsituasjonen vart gløymt. At også vi hadde gjort kva vi kunne for å få ut landsmenn og -kvinner, dersom det var våre folk som hadde blitt slepte vekk. Sit gislane i mørke tunnelar? Sit dei fanga i private heimar? Lever dei? Hundre dagar, tusen spekulasjonar.

Norske medium blinde for jødisk perspektiv

Det var underleg å lesa aviser frå andre land i samband med den dystre hundredagarsmarkeringa. BBC vektlegg at krigen vart starta av Hamas. NBC poengterer både dei enorme øydeleggingane i Gaza og at desperasjonen veks blant familiane til dei israelske gislane. CBS formidlar tankane til Gil Dickmann, slektning til ein av gislane. Han kjenner seg gløymd.

Mange utanlandske medium, også av dei som er djupt kritiske til Israelsk strategi, ser ut til å sjå at 7. oktober 2023 for ettertida står skriven med svipenn i ei kvar jødisk sjel. I Noreg ser det knapt ut til å vera rom for slikt.

Her er det krav om boikott av Israel som dominerer mediebiletet. Det vert fremja frå ulikt hald. VG melder at nær annakvar nordmann no ønskjer Israel-boikott. Ein vil behandla Israel på lik linje med Russland, som invaderte nabolandet. Dette er berre nok eit døme på at det er gløymt at det var Israel som faktisk vart invadert og utsett for massakrar i oktober.

Israels utskjelte tryggingsgjerde var ikkje nok

7. oktober er likevel ikkje først og fremst ein horribel, historisk merkedag. For alle som framleis har sine nære som kanskje eller kanskje ikkje lever i Hamas-tunnelane, kanskje eller kanskje ikkje vert torturerte i skjul, slik mange vart i fullt dagslys den 7. oktober, er terrordagen eit vedvarande presens.

Israel slumra på post. Det kosta dei dyrt, og no kostar det også Hamas dyrt, viser det seg.

Den dagen vart nokre ting klart. For det første, at det tryggingsgjerdet som Israel har fått mykje kritikk for, faktisk ikkje var nok når ein har Hamas-terroristar rett ved grensa. Som konfliktforskar Cecilie Hellestveit kommenterte i ein interessant panelsamtale tidlegare i januar, var angrepet planlagt nøye og over lang tid.

Heilt ny situasjon etter oktober-massakren

Det er feil å sjå hendingane den 7. oktober berre som nok ei oppblussing. «Det brakte både israelarar og palestinarar inn i ein heilt ny situasjon», understrekar Hellestveit. Ho stiller i tillegg eit tankevekkande spørsmål: «Vi vil at dette skal stanse i dag. Men hva løser det hvis det stanser i dag?»

Her vil ein norsk avislesar nærast hoppa i stolen. Det vil jo løysa nesten alt? Tryggleik for sivile, sjanse til å reisa seg frå ruinhaugen. Slutt på sivile lidingar. Men eit slikt perspektiv tek ikkje innover seg at Hamas hadde eit jerngrep på eige folk frå før.

Alt før krigen prioriterte Hamas terrorplanar framfor sivilt liv. Før krigen har Hamas gjort sitt grufulle grunnarbeid med å blanda sivile inn krigshandlingane. Vi ser dette til dømes gjennom Hamas' kyniske bruk av sivile som levande skjold, noko også EU har fordømt.

Slik sett var 7. oktober ei realitetsorientering om kva som har prega Gazas indre liv under Hamas' terrorregime, før dei starta krigen i oktober. Enkle slagordsanalysen om «eit fritt Palestina» ser ikkje at så lenge dei har leiarar som Hamas, vert folk aldri frie.

Reaksjonar mot Houthi-militsen i Jemen: Eit apropos

Eit apropos finn vi også i dei siste dagars militære svar frå Vesten mot Houthi-militsen i Jemen. På bakgrunn av all kritikken Israel får for si resolutte og brutale linje mot Hamas på Gazastripa, er det tankevekkjande å høyra argumentasjonen for dei vestlege bombene som no råkar Hamas' vener i Jemen.

Ifølgje Storbritannias statsminister Rishi Sunak dreier Jemen-bombene seg om «sjølvforsvar». Operasjonen skal bidra til «å motverka spenningane som byggjer seg opp og gjenoppretta stabilitet i regionen». Det er interessant.

Når Houthiane råkar sivil skipsfart som ei støttemarkering for venene på Gaza, røper det ein krigslogikk der krigsrett, menneskerettar og skilje mellom sivile og militære mål er fullstendig uinteressant.

Dersom våre grenser vart krenkja og våre døtrer valdtekne. Hadde vi berre lukka auga og halde fred?

Når vesten, alt på lang avstand kjenner behov for å reagera militært mot terrorrørsler i Jemen som trugar våre interesser og våre sivile i skipstrafikken, korleis kan vi krevja at Israel reagerer annleis når terroristar kompromitterer deira territorium?

Kva om det var våre?

Dersom det var våre eigne barn, unge og eldre som var dei over 130 gislane som no sit i terrorens klør. Dersom våre grenser vart krenkja og våre døtrer valdtekne. Hadde vi berre lukka auga og akseptert krav om å halda fred?

Det held hardt å vera håpefull for tida. Men kanskje kan denne «heilt nye situasjonen» utløyst av Hamas, trass umenneskeleg liding, bera i seg håp om frigjering frå nettopp Hamas for både israelarar og folk i dei palestinske områda?

Powered by Labrador CMS