Illustrasjonsfoto: Fotolia

Å dulle med islam

Det er interessant, men leitt å sjå korleis mang ein kristenleiar i Noreg går laus på andre kristne framfor å samla seg mot framande tankebygningar som vil gjera kôl på dei alle, så sant desse kreftene slepp til.

Publisert Sist oppdatert

No sist Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband (Dagen 10. september) som ironiserer over professor emeritus Johan Moan som ser på organisasjonen NLM som tafatt og opportunistisk i møtet med ein framrykkande islam.

Å dulle med islam gjev inga avkasting på sikt. Per Haakonsen stilte eit skarpt spørsmål i Dagen 21. august: Er NLM redde for at verksemda dei driv blant muslimar ute skal bli kompromittert ved å syna ei negativ haldning til muslimar (les: islam) i vårt eige land? Eller skal misjonsverksemda vega tyngre enn omsynet til vår eigen nasjonale kultur og identitet?

Dei enorme nedslaktingane som ein erobringsretta islam har inspirert gjennom 1400 år er ukjent stoff ved vestlege skular og lærdomssete, då slikt er luka ut av lærebøkene etter internasjonale tilrådingar i EU, Europarådet, FN, og så vidare. Vil tru at ikkje eingong muslimar flest er kjende med denne typen historiske fakta i dag? Men dagens islamistiske strategar kjenner dei historiske prosessane meir enn godt.

«Dialog» med muslimar om tolking av historia vert alltid dill-dall. Konferansane og resolusjonane myldrar: «Jesus var palestinar»; «jødane har aldri hatt kontakt med Jerusalem,» og så vidare. Lys og salt er viktig for mange. Men intellektuelle bataljar er grunnleggjande for alle. Koseprat i media og dulling med islamske fundamentalistar er sjølvbedrag.

Islam er ei lære og ein moralkodeks som ikkje går i hop med dei europeiske opplysningsideala om ytringsfridom, demokrati, minoritetar, jamstelling og personleg fridom. Då det ikkje er ei folkevald forsamling som er høgste instans og avgjer lovene, men Allah og hans bodberar på jord, er grunnsynet og visjonen i dei to tenkjemåtane altfor sprikande til å kunne sameinast.

Ein må vera marxist, sosialantropolog eller statsbetalt religionsarbeidar for å kunne tru at islam, islamisme og jihad kan koma dei moderne samfunna i Europa og Nord-Amerika i møte. Islam går seg ikkje til. Islam går ikkje over.

Powered by Labrador CMS