Leder
OPPLAGD: Dag-Inge Ulstein er etter alt å døma nestemann ut i det som er sagt å vera den verste av alle partileiarjobbar.
Heiko Junge / NTB
Å få orden i eigne rekkjer, er å leggja lista for lågt
Nasjonalt leiarskap i verdispørsmål krev eit heilt anna fokus.
Så vart det omsider klart at det står ein mann klar til å ta over leiarskapen i eit KrF som gjennom dei siste vekene har sett ut som sin eigen verste fiende. Dag-Inge Ulstein er av mange vurdert som ein redningsmann, og får truleg den gule leiartrøya etter at partiet formelt skal velja Olaug Bollestads etterfølgjar på ekstraordinært landsmøte i januar.
Det blir truleg tilført energi og ny giv omgåande. Nokre trur det er eit motvillig «ja» som no erstattar eit inntil nyleg avgjort «nei». Det er ikkje særleg sannsynleg. Ei pasjonert type som Ulstein seier truleg både sitt «nei» og sitt «ja» med same grad av overtyding.
Blandingsforholdet mellom plikt og pur hjartemotivasjon kjenner berre han, og det er heller ikkje særleg relevant for andre.