Å mobilisera menneske rundt Guds visjon
Korleis kan me etterstreba visjonen? Undersøkingar viser at få i dag vert kristne gjennom vanleg møteverksemd. Det skjer i større grad gjennom relasjonar og venneevangelisering.
Så er det sjølvsagt viktig i neste omgong å ha eit fellesskap å høyra til. Dette får meg til å stilla viktige spørsmål: Korleis brukar me ressursane våre; og korleis kan me mobilisera den enkelte kristne til å bruka meir tid på å bygga relasjonar?
Det er flott med visjonar. IMS har visjonen «Me vil byggja varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til Hans disiplar». Me vil så gjerne at folk skal bli frelst, koma på bedehuset. Me tel antal folk som kjem. Men vinn me nye for Jesus? Blir menneske disippelgjort? Det er det store spørsmålet. Og viss ikkje – korleis kan me endra kurs slik at me er på rett veg i forhold til visjonen?
Nyleg hadde eg tema i ei forsamling: «Bygge Guds rike» med undertittel «bygge relasjonar». Med utgangspunkt i Matt. 22, 38-39 kan me sjå at me står i tre hovudrelasjonar; til Gud, til andre og til oss sjølv. Ikkje alle relasjonar er eit val. Alle har til dømes relasjon til Gud, enten det er fjernt eller nært. Alle står også i relasjon til medmenneske på ulikt vis. Meir framandt er det kanskje at me står i relasjon til oss sjølv. Det gjer me! Korleis kan me elska vår neste om me ikkje er glad i oss sjølv, pleier oss sjølv og tilgir oss sjølv?
Første bud til mobilisering rundt Guds visjon handlar om vår relasjon til Gud. Brukar eg tid saman med Gud? Her veks eg, får trøyst og oppmuntring - samt utfordring, samtidig som eg også vert meir tent på at mine medmenneske må få del i Guds kjærleik og tilgjeving.
Me kan gå i to hovudgrøfter langs vegen: Me lever i vår eigen getto i forsamlinga eller me tilpassar oss verda slik at Jesu Ånd, sinnelag og kjærleik ikkje lenger viser på oss. Utfordringa er å koma oss ut av gettoen og møta andre menneske med Jesu sinnelag, og våga å visa at Jesus betyr noko for oss og er Herre i livet.
Det er gledeleg å sjå at mange også gjer nettopp dette. Du er unik med den omgangskretsen du har. Gjennom relasjon til familiemedlemmer, venner, naboar og kollegaer har me eit stort høve til å samla menneske til Kristus.