Debatt
FELLESSKAP: Familiemiddagen er ein undervurdert læringsarena når det gjeld å utvide barna sitt ordforråd og hjelpe dei til betre prestasjonar både i lesing og skriving, skriv Anne Kristin Bruns.
Adobe Stock
Å vere forelder er samfunnets viktigaste jobb
Du som er forelder, veit du kor viktig du er? Veit du at nettopp du er den viktigaste for ditt barn?
I den store debatten om utanforskap og psykisk helse blant unge høyre vi svært sjeldan om kor viktige foreldre er. Dei er kjernen i livet til borna/ungdommen, desse mødrer og fedrar som kvar einaste dag gjer det dei kan for at barna deira skal ha det best mogleg.
Erik Lunde skriv i boka «Saman er vi meir aleine», at å vere forelder er samfunnet sin viktigaste jobb, faktisk eit samfunnskritisk yrke. Når foreldre brukar tid saman med barna, gjev dei mykje tilbake til barna og samfunnet. Eg kunne ikkje vere meir einig.
Med jamne mellomrom kjem det fram utfordringar som barn og unge slit med. Det kan vere utanforskap, aukande vanskar med den psykiske helsa eller aukande kriminalitet og vald.