Debatt
Å vere forelder er samfunnets viktigaste jobb
Du som er forelder, veit du kor viktig du er? Veit du at nettopp du er den viktigaste for ditt barn?
I den store debatten om utanforskap og psykisk helse blant unge høyre vi svært sjeldan om kor viktige foreldre er. Dei er kjernen i livet til borna/ungdommen, desse mødrer og fedrar som kvar einaste dag gjer det dei kan for at barna deira skal ha det best mogleg.
Erik Lunde skriv i boka «Saman er vi meir aleine», at å vere forelder er samfunnet sin viktigaste jobb, faktisk eit samfunnskritisk yrke. Når foreldre brukar tid saman med barna, gjev dei mykje tilbake til barna og samfunnet. Eg kunne ikkje vere meir einig.
Med jamne mellomrom kjem det fram utfordringar som barn og unge slit med. Det kan vere utanforskap, aukande vanskar med den psykiske helsa eller aukande kriminalitet og vald.
Vi som foreldre kan av og til bli redde for at vi ikkje skal klare oppgåva. Det er ikkje så rart, når denne viktige jobben ikkje er noko du nødvendigvis får opplæring i, men som ein veks inn i. Men eg meiner at det er mykje som både samfunnet og den einskilde kan gjere for å hjelpe foreldre til å bli tryggare i si rolle.
Island har gått føre og gjort vellukka tiltak for å trekke foreldre med og ansvarleggjere dei i det førebyggjande arbeidet mot rus og kriminalitet. I 1998 var Island versting i Norden når det handla om rusbruk blant unge. 42 prosent av 15–16-åringane hadde drukke seg fulle i løpet av den siste månaden. Forbruket av cannabis var også høgt.
Saman med ei storsatsing på fritidsaktivitetar, var det viktigaste tiltaket i strategien å styrke relasjonen mellom foreldre og ungdommane deira. Dei innførte ein felles regel for innetid som gjorde at foreldra var ansvarlege for at ungdommane ikkje «rak gatelangs» på tidspunkt dei skulle vere heime.
Målet er ikkje å leggje fleire oppgåver på skuldrene til foreldre, men anerkjenne det faktum at de er viktige samfunnsbyggjarar i kvardagen.
Konsekvensane vart at foreldra på ein heilt annan måte vart ansvarleggjort, og dei fekk meir tid med ungdommane. Det sette både ungdommane og foreldra pris på. Resultatet er ikkje til å ta feil av. På 15 år var antalet som hadde drukke seg fulle den siste månaden gått ned frå 42 til 5 prosent.
Då KrF var i regjering, vart fritidskortet innført i enkelte kommunar, nettopp etter modell frå Island. Diverre vidareførte ikkje den noverande regjeringa dette tilbodet. Samtidig har det vore vanskelegare med ansvarleggjeringa og involveringa av foreldre, nemleg å auke tida foreldre brukar saman med barna/ungdommane sine.
KrF meiner at det er på tide med eit skifte i politikken frå arbeidslinja til familielinja. Frå at alle skal springe i same takt, til å verdsette at farta kan variere i ulike stadier av livet. Eg meiner at vi må skape eit samfunn der tid med kvarandre blir verdsett like høgt som arbeidstid. Eit samfunn der arbeidslivet tilpassar seg familielivet, ikkje omvendt.
Eit spennande prosjekt frå USA under namnet «The Family Dinner Project» har vist formidable funn ved at familiar har måltid saman. Forskinga byggjer på funn over meir enn 25 år og viser at regelmessig måltidsfellesskap kan førebyggje psykisk vanhelse, auke sosiale ferdigheiter, skape oppleving av å høyre til, og minske faren for eteforstyrring, for å nemne nokre.
Familiemiddagen er ein undervurdert læringsarena når det gjeld å utvide barna sitt ordforråd og hjelpe dei til betre prestasjonar både i lesing og skriving. Dette er ifølgje nettsida til Harvard Graduate School of Education.
Det er fullt forståeleg at kvardagen er hektisk og at måltidsfellesskapet kan opplevast som eit stress. Samtidig er dette ein viktig arena for barn og unge si utvikling som vi må ta med oss. Målet er ikkje å leggje fleire oppgåver på skuldrene til foreldre, men anerkjenne det faktum at de er viktige samfunnsbyggjarar i kvardagen.
Personleg har eg eit langt familieliv bak meg. Mannen min og eg har fire vaksne barn. Vi har oppdratt dei på ein måte vi trudde var god, gitt dei det vi trudde dei trengde og sett at det har funka stort sett bra. At eg kunne spørje om hjelp eller søke råd hjå både vener og fagfolk var til stor hjelp for meg.
Men aldri har eg møtt meg sjølv så mange gonger i døra eller blitt klistra opp etter ein vegg som etter at eg vart mor. Eg hadde sett pris på om nokon hadde gitt meg ein klapp på skuldra med eit smil av og til og eit takk for at eg gjer denne viktige jobben.
Vi foreldre må ha realistiske forventingar til oss sjølve og vere ærlege om både det vi meistrer og det som er utfordrande med foreldreskapet. Vi må ikkje bruke alle kreftene på å halde fasaden, vere flinke og skulle få til alt. Det går beint fram ikkje, og eg tenkjer ikkje berre på når borna er små; det er like viktig å ha tid og vere tilgjengeleg når borna veks til.
Biletet med å ikkje sleppe sykkelen for tidleg har blitt for meg meir og meir tydleg. Livet blir aldri det same etter at ein har fått barn, heldigvis.
Eg seier: «Heia foreldre!»