For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner

Du kan betale med vipps

Er du allerede abonnent?

KJØP

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Frispark

ABORT: Det er ein brei skepsis mot utviding av abortgrensa i befolkninga, skriver barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Abortgrensa må bestå

Publisert Sist oppdatert

I haust skal Stortinget ta stilling til forslag om ny abortlov. Saka om å utvide grensa for fri abort har splitta regjeringa. Dette har vore velkjent, partia meiner ulike ting. Det gjeld og synet på fosterantalsreduksjon (såkalla tvillingabort). Det er ikkje noko unisont krav i befolkninga om å utvide grensa for fri abort. Eit breitt samansett segment av befolkninga er framleis sterkt kritisk.

I debatten blir det ofte framstilt som om dagens lov har lita støtte, og særleg blant kvinner. Men skal vi lytte til det kvinner seier, kan vi godt bevare dagens grense. Det er ein brei skepsis mot utviding av abortgrensa i befolkninga. Det viser SSB sin veljarundersøking i 2021. Då meinte 47 prosent av grensa for sjølvbestemt abort burde gå ved veke 12. Vel 31 prosent meinte at grensa burde gå ved veke 18, og 14 prosent svarte ved veke 22.

Det er sterkast støtte til å utvide grensa for sjølvbestemt abort hos menn, ikkje kvinner. Eit fleirtal av kvinnene svara at dei vil behalde dagens 12-vekers grense (54 prosent av dei spurte).

Powered by Labrador CMS