For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

ACER: Bygningen som huser hovedkontoret til ACER (EU-byrået for samarbeid mellom energireguleringsmyndighetene i Den europeiske union) i Slovenias hovedstad Ljubljana.

ACER og EU sin energiunion blir meir og meir inngripande

Vi vil ta tilbake politisk kontroll over krafta ved å frikople Noreg og RME frå ACER. Vetoretten i EØS må takast i bruk mot EUs fjerde energipakke.

Publisert

Stortinget vedtok 22. mars 2018 EU si tredje energimarknadspakke og dermed tilslutning til ACER. Dette vart gjort med simpelt fleirtal trass i at eit slikt vedtak er suverenitetsavståande og skulle hatt tre fjerdedels fleirtal.

No ser vi at Noreg si innlemming i ACER og EU sin energiunion er langt meir omfattande enn det Stortinget la til grunn. Marknadsstyrte, varige EU-straumprisar gjennom nye høgkapasitetskablar viser tydeleg kor lite Noreg sjølv kan setja eigne, innanlandske straumprisar, basert på vår låge produksjonskostnad frå vasskraft.

EUs energibyrå ACER har dei seinare åra treft ei rad avgjerder med store konsekvensar for kraftmarknaden. Då regjeringa i fjor haust skulle undersøkje handlingsrommet i EØS for kraftreguleringar, var det RME (Reguleringsmyndigheten for energi, red. anm.) som blei spurt. RME avviste at det er tillate å avgrense krafteksporten av omsyn til straumprisen. Kor blir det av folkestyret når avgjerande delar av kraftpolitikken ikkje lenger er underlagt folkevald kontroll?

Powered by Labrador CMS