Kommentar

INGEN SPØK: 1. april ikkje det den var.

Advarsel: Dette er eit humørlaust angrep på dei som har tatt frå oss aprilspøken

Publisert Sist oppdatert

Du treng ikkje leita etter årets aprilspøk i denne avisa. Den finst ikkje.

I gamle dagar, altså fram til cirka 2017, var det vanleg med aprilspøkar i avisene. Den mest kjende norske aprilspøken er kanskje den i Aftenposten om at polet hadde gått tomt for flasker og at ein kunne få kjøpe billeg vin dersom ein stilte opp med eigne bøtter. Utanfor tapperiet på Hasle blei køen lang 1. april 1950.

Her i Dagen opplevde vi at mange gjekk på limpinnen då vi i 2015 meldte at Jan Hanvold innfører betal-tv og at sjåarane hans måtte skaffe seg ein liten boks - Visjonsboksen - som kunne koblast til fjernsynsapparatet.

To år etterpå hadde vi ein viss suksess med «nyhendet» om at deler av Slottet skulle nyttast til asylmottak. Vi greidde å få nokre lesarar til å hissa seg opp før dei oppdaga kva dag det var.

Dei siste åra har det vore jamnt slutt med tøys og tull i avisene på den første aprildagen. Årsaka er like blytung som humørlaus: Det er blitt så mykje fake news at seriøse pressefolk ikkje vil bidra med endå meir.

– De digitale medienes utvikling med problematisk spredning av desinformasjon og hat, gjør at aprilspøken er mye vanskeligere i dag enn for bare noen tiår siden, sier professor Kristin Skare Orgeret ved Institutt for journalistikk i ein forskningsartikkel på Oslo Met si nettside.

Det er her det skurrar for oss spøkefuglar. For kva er problemet?

Jo, svarar medieprofessoren:

– Nå spres nyheter videre uten kontekst. Det fungerer ikke å stoppe spredningen i sosial medier ved å si «aprilsnarr».

Som døme nemner ho tullesaka i Drammens Tidende 1. april 2008. Leiaren i Drammen Innvandrerråd var med på tøyset og ba om at alkoholserveringa i ei av bygatene blei stengt på fredagar av omsyn til muslimane si fredagsbøn. Spøken resulterte i rasisme og hets i avisa sine kommentarfelt.

I dei fleste andre diskusjonar om ytrings- og presseetikk vil ei slik røynsle få andre konsekvensar enn den totale avvikling.

All presseetikk er tufta på maksimal ytringsfridom balansert mot omsynet til vern av enkeltpersonar og sårbare grupper. Aprilspøken, derimot, er avliva og gravlagt - tilsynelatande for godt.

Det finst tungtvegande grunnar til avgrensing av ytringsfridomen. I sitt vesen finst den som uavgrensa storleik berre i hovudet til romantikarar som ikkje vil ta inn over seg det enkle faktum at det knapt finst eit menneskeleg fellesskap som tåler at ein durar fram og seier kva som helst.

Med det betyr jo ikkje at ein sluttar å skrive om kjenslevare tema:

Når slutta avisene å skrive om kosthald av omsyn til dei overvektige?

Når slutta avisene å skrive om skilsmissetal av omsyn til skilsmissebarn?

Når slutta avisene å skrive om krig av omsyn til dei krigsskadde?

Når slutta avisene å skrive om lukkeleg kjærleik av omsyn til dei einsame og dei med kjærleikssorg?

Når slutta avisene med vinspalter av omsyn til menneske med alkoholproblem?

Lista over behørig pressedekka saksfelt med kjenslevare tema kan fylle ei heil avis. Aprilspøken, derimot, må lesarane vernast mot.

Det er vanskeleg å få auge på konsistensen i argumentasjonen som redaktørstyrte medier har adoptert nærmast i flokk – og som ingen av dei praktiserer dei resterande 364 dagane i året.

Når konsekvenstenkinga forsvinn frå synsfeltet, blir det freistande å leite etter andre forklaringar. Og her er eg på tynn is.

Men opplevinga er at vi lever i ei tid som blir meir og meir humørlaus og meir og meir seriøs. Ein treng ikkje vere mange minuttar på Facebook for å skjøne at livet ikkje er for kven som helst. Det er eit prosjekt for dei med eit seriøst forhold til sine liv, sine yrkeskarrierer, sine familiar, sine publikasjonar og toppturar.

Livet i 2023 er ikkje for tøysekoppar.

Slik sett føyer denne meiningsytringa seg inn i det same mønsteret. Eg tenkte på om eg avslutningsvis burde be om orsaking for å ha skrive ein humørlaus kommentar, men det treng eg vel ikkje. Dei fleste er vel samde om at aprilspøkar er ein styggedom som det var på høg tid å fjerne frå jorda si overflate.

Powered by Labrador CMS