For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| Debatt

Advent

ADVENT: Advent er frå gammalt av rekna for ei fastetid for bot og sorg og ein brukar difor lilla farge på lys og andre ting, skriv Hans Reite.
Publisert Sist oppdatert

Advent er forkortinga av Adventus Domini som betyr Herrens komme. Det er frå gammalt av rekna for ei fastetid for bot og sorg og ein brukar difor lilla farge på lys og andre ting. 

Kvifor tenner ein lys dei fire siste søndagane før jul? Det skal symbolisere at lyset aukar i styrke dess mørkare det vert ute, og dess nærare ein kjem til det store lyset: Jesus som vart fødd i ein stall. Dette er eit fint symbol som peikar på håp i ei mørk og vanskeleg tid. Ein ser fram til jula med mykje lys, varme og glede. 

I Bibelen kan vi lese om ein gamal mann som heitte Simeon. Han var gudfryktig, rettferdig og venta på Israels trøyst: Messias. Han levde i forventning og hadde fått eit løfte om at han skulle ikkje døy før han hadde sett Frelsaren. Leia av Gud kom han til temlet då Jesus barnet skulle omskjerast åtte dagar gamal. Han fekk halde barnet i hendene og sa: «Herre no let du tenaren din fara herifrå i fred, slik du har lova, for mine auge har sett di frelse, som du har gjort i stand like for andletet på alle folk, eit lys for heidningane og til ære for folket ditt Israel.» 

Powered by Labrador CMS