Debatt
SKRIFTA: Mitt syn på tilværet etter Domen og Den andre Død er grunna på tre føresetnader frå Skrifta, skriv Jostein Sandsmark.
Odd Mehus
Æva – ei tid utan ende?
Det var den katolske kyrkja som i den første tida skapte teologien om eit Helvete med uendeleg pine for å skremma folk til bot og avlat – for å kjøpa seg frelst frå den «evige» pina og få eit evig liv. Kyrkja skaffa seg dermed umåteleg makt, store eigedomar og praktfulle kyrkjebygg. Pavekyrkja er ikkje bibelsk, men betalt av folk som ville frelsast frå det eldsprutande helvetet.
Grunnlag for ein slik teologi finn ein ikkje i Skrifta, den var mest tufta på heidenske førestillingar. Men Augustana og Dnk har overteke mange av tankane om tilværet etter døden – sjølv om dei ikkje har støtte i Bibelen.
Mitt syn på tilværet etter Domen og Den andre Død er grunna på tre føresetnader frå Skrifta. Vår tidsdimensjon tek slutt når han blir avløyst av Guds dimensjon: Æva.