Debatt
Aggressive ekstremistar i Iran
Ayatollaane i Iran har brukt sommaren til nye arrestasjonsbølgjer mot kristne og bahai'ar. Forfølginga vert tydelegvis trappa opp før årsdagen for drapet på den kurdiske kvinna Mahsa Amini.
Dei første to vekene av juli blei minst 69 kristne arresterte i 11 byar. Minst ti av desse – fire menn og seks kvinner – sit framleis i varetekt. Dei som er sette fri, er blitt tvinga til å skriva under på at dei aldri meir vil driva kristne aktivitetar, eller dei er beordra til undervisning i islam. Andre er henta inn til nye avhøyr. Eller dei har fått ordre om å dra frå Iran.
Dei som er sette fri, har måtta betala kausjonar – summar som varierer frå tilsvarande 80.000 kroner til 400.000 kroner.
Det iranske regimet anerkjenner tre små religiøse minoritetar: Assyriske og armenske kristne, jødar og tilhengjarar av zoroastrismen. Men huskyrkjene som rekrutterer store skarar av konvertertittar frå islamsk bakgrunn – det kan vera bort imot ein million av dei – blir stempla som ein trussel mot nasjonal tryggleik, eller som agentar for «sionistisk kristendom».
Nokre få kristne i Iran er i det siste rett nok frikjende for tiltalar om å vera nasjonale truslar. Men andre har av andre dommarar fått strenge dommar for same tiltalar. Forfølginga er hard, og tidvis vilkårleg.
90-åring arrestert på nytt
Også den største ikkje-muslimske minoriteten i Iran, bahai'-samfunnet, blir ramma av påstandar om at dei trugar nasjonal tryggleik.
Minst 60 medlemmer av bahai'-minoriteten er dei siste månadane arresterte, stilte for retten og fengsla. Blant dei arresterte er ein 90 år gammal mann som tidlegare har sona ti år bak murane.
Bahai'-læra vert av sija-regimet stempla som kjetteri.
Dei nye arrestasjonsbølgjene viser at regimet har intensivert kampen mot trusfridom og andre menneskerettar.
Regimet oppgir rett nok korrupsjon som årsak til at ni bahai'ar vart arresterte 13. august. Men så lenge ikkje avgjerande prov er lagde fram, er det grunn til å frykta at dette også er del av eit nytt målretta angrep på forfølgd religiøs minoritet.
Ni bahai'-kvinner som tidleg i august vart taua inn til soning i byen Mashhad, er dømde for å ha undervist ei lære som bryt med islamsk lov – sharia. Revolusjonsdomstolen dømde samstundes ei bahai'-kvinne til fengsel i ti år og tre månader for same «brotsverk», i tillegg til tiltalepunkt om trugsmål mot nasjonal tryggleik.
Absurd
Det er absurd at ayatollah-regimet ser ein 90 år gammal bahai' eller ei hyskyrkje som ein nasjonal tryggingstrussel. Men regimet er fundamentert på ei ekstrem utgåve av sjiaislam. Alle som trekkjer folk i andre retningar, blir slått ned på som nasjonale trugsmål.
Ein serie bahai'-leiarar blei for eitt år sidan arresterte og skulda for å vera spionar for Israel. Skuldinga var basert på at det internasjonale bahai'-senteret ligg i den israelske byen Haifa. At senteret har liggje der sidan lenge før staten Israel blei oppretta, hindrar ikkje udokumenterte spion-skuldingar. Tre som framleis blir haldne i fengsel, har tidlegare sona fengselsdommar på ti år. Dei slapp ut i 2018.
Også ei gruppe som blei arresterte i juli i år, blir i iranske media framstilt som del av eit «spion-nettverk», «direkte eller indirekte knytte til eit sionistisk senter».
Intensivert forfølging
Dei nye arrestasjonsbølgjene viser at regimet har intensivert kampen mot trusfridom og andre menneskerettar. Forfølginga av bahai'-samfunnet og huskyrkjene tok slett ikkje pause sjølv om tryggingsapparatet i fjor hadde hendene fulle med å slå ned demonstrantar etter arrestasjonen og drapet på den kurdiske kvinna Mahsa Amini. Ho måtte som kjent bøta med livet fordi ho hadde «brukt hijaben feil». Før årsdagen for tragedien – i september – er det tydeleg at regimet vil visa makt.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt må bruka alle kanalane ho har til å seia tydeleg frå om utoleleg forfølging av både huskyrkjene og bahai'-samfunnet. Eg er glad Utanriksdepartementet lenge har hatt ei tydeleg stemme mot forfølginga av bahai'ane. Det er tid for at Huitfeldt også hevar stemma mot den systematiske forfølginga av kristne. Stefanusalliansen oppmodar henne på nytt til dette.
«Drepen jente kunne vore meg»
Eit utmerka høve er 22. august, FN-dagen for offer for vald på grunn av religion eller livssyn. Denne dagen arrangerer Stefanusalliansen, Helsingforskomiteen og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) ei markering i Oslo Rådhus. Der får utanriksminister Huitfeldt møta Nazila Ghanea, FNs spesialrapportør for trusfridom.
Ghanea, som er professor ved Universitetet i Oxford, er sjølv bahai' frå Iran. Då Ghanea var 11 år og familien budde i Qatar, blei ei 11 år gammal bahai'-jente drepen i den iranske fødebyen til Ghanea. «Den drepne jenta kunne vore meg», har ho tidlegare fortalt.
Hadde Ghanea blitt buande i Iran, ville ho i alle fall aldri kunna ta utdanning eller få ei akademisk karriere. FNs spesialrapportør for menneskerettar i Iran uttalte nyleg at han er «ekstremt uroleg» for situasjonen til kristne konvertittar og bahai'ar.
Huitfeldt bør lytta til Ghanea om korleis Noreg kan visa endå sterkare solidaritet med forfølgde religiøse kristne og bahai'ar i Iran.