For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

PROTESTAR: Demonstrantar samla seg utanfor FNs hovedkvarter i Irbil, Irak, 24. september 2022 til støtte for Mahsa Amini, etter at ho vart arrestert i Teheran for å ha brukt hodeskjerfet på feil måte. Mahsa døydde 16. september 2022, 22 år gammal, i moralpolitiets varetekt.

Aggressive ekstremistar i Iran

Ayatollaane i Iran har brukt sommaren til nye arrestasjonsbølgjer mot kristne og bahai'ar. Forfølginga vert tydelegvis trappa opp før årsdagen for drapet på den kurdiske kvinna Mahsa Amini.

Publisert Sist oppdatert

Dei første to vekene av juli blei minst 69 kristne arresterte i 11 byar. Minst ti av desse – fire menn og seks kvinner – sit framleis i varetekt. Dei som er sette fri, er blitt tvinga til å skriva under på at dei aldri meir vil driva kristne aktivitetar, eller dei er beordra til undervisning i islam. Andre er henta inn til nye avhøyr. Eller dei har fått ordre om å dra frå Iran.

Dei som er sette fri, har måtta betala kausjonar – summar som varierer frå tilsvarande 80.000 kroner til 400.000 kroner.

Det iranske regimet anerkjenner tre små religiøse minoritetar: Assyriske og armenske kristne, jødar og tilhengjarar av zoroastrismen. Men huskyrkjene som rekrutterer store skarar av konvertertittar frå islamsk bakgrunn – det kan vera bort imot ein million av dei – blir stempla som ein trussel mot nasjonal tryggleik, eller som agentar for «sionistisk kristendom».

Powered by Labrador CMS