Debatt
Alkoholen sin dualisme
Alkohol er ei lovleg vare. Alkohol er potensielt ei vare som kan gje avhengigheit hjå dei som brukar denne drikka. Denne dualismen som ein møter i nærleik med alkohol, er det som kan skape nokre tankar både hjå staten, fylka og kommunane sett i høve til kostnader i «samfunnsrekneskapen», hjå frivillige organisasjonar – og hjå oss alle.
I Nettavisen 17. april 2023 kan vi lese i ein tittel at «Nye kostholdsråd kan anbefale totalavhold». Det er i samband med utarbeidinga av nye nordiske kosthaldsråd at dette har vorte lansert. Tidlegare har kosthaldsråda gjerne sagt noko om mengde alkohol som er tilrådd, medan ein no kanskje landar på at totalavhald er det beste.
«Myndighetenes nye helseråd kan ende med en anbefaling om å korke flasken for godt. Ingen mengde alkohol kan sies å være sunn, viser forskning.» Det kan ein lese meir om i saka i Nettavisen, og Nettavisen viser igjen til ei sak i Nationen.
I eit nytt utkast til nordiske kosthaldsreglar vert det vist til at det ikkje finst noko trygt nivå av alkohol, og at ein difor tilrår å anten unngå, eller å avgrense alkoholinntaket, medan ein tidlegare hadde ein tilrådd standard med «einingar» som kunne drikkast. Ved førre utkastrunde ville forskarane som arbeidde med dei nye kosthaldsråda setje eit tilrådd maksinntak på 20 gram alkohol per dag.
Generalsekretæren i organisasjonen Av-og-til, Ragnhild Kaski, seier til Nettavisen at ein aldri bør drikke alkohol for helsa si skuld, og at ho er glad for at utvalet no går i retning av å tilrå avhald frå alkohol.
IOGT Region Midt-Norge deler fullt ut Kaski sitt syn om at når forskinga er så tydeleg på at det ikkje finst noko trygg nedre grense når det kjem til alkohol, så ville det vere litt rart å lande på eit anna helseråd enn null «einingar» med alkohol.
Innlegget er eit fråsegn frå IOGT Region Midt-Norge sitt årsmøte i Molde 5. mai 2023.