For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

GRAVFERD: Etter meir enn førti års presteteneste veit eg kva forkynninga kan bety også i ei gravferd, skriv Audun Aase.

Andakta skal formidle korleis Gud ser dei sørgjande

Publisert Sist oppdatert

I eit innlegg i Dagen vart det rådd til å sløyfe andakta i gravferder, sidan folk ikkje kjem for å høyre på det. I staden blir opplegget til Human-Etisk Forbund nærmast stilt opp som eit ideal. Ja, då blir det humanetisk, som ein kollega sa. No er vel ikkje konsekvensen heilt gjennomtenkt i innlegget, for det same vil kunne innvendast mot forkynning ved ein vigsel eller ei gudsteneste der vedkommande berre må vere med p.g.a. ein dåp.

Men for å halde oss til gravferda. Andakta skal då nettopp formidle korleis Gud ser dei sørgjande, og korleis Jesus vil vandre med dei som ein å lene seg mot og hente trøyst og kraft ifrå. Ja, verkeleg ein å dele liv og framtid med, og himmelhåpet.

Etter meir enn førti års presteteneste veit eg kva forkynninga kan bety også i ei gravferd. Det er inga god sak å ta dette frå dei sørgjande, heller ikkje i ei tid med stadig fleire kyrkjeframande. Men det er vel litt i tråd med det som Oslo-biskopen har gått i bresjen for, nemleg å sløyfe Joh 3,16 ved gravferd, det sterkaste ordet i Bibelen om kjærleik.

Powered by Labrador CMS