Anfindsen og Allah
Ole Jørgen Anfindsen er lektor og verdikonservativ. Det same er eg. Då skulle ein tru at me kjem godt overeins.
Me gjorde det, blant anna då han i 2010 gav ut den imponerande boka «Selvmordsparadigmet – hvordan politisk korrekthet ødelegger samfunnet».
Men sidan har han hatt sine livskampar, der han var heilt på nippet til å konvertere til tru på Allah. Korleis det står til no, veit eg ikkje.
Dersom han vil gjera overgangen lettare med å innbille seg at Allah i røynda er den same som vår treeinige Gud, kan eg ikkje fylgja han (jf. Dagen 14.06).
Eg trur framleis den einaste vegen til Gud går gjennom Jesus Kristus.
Om Allah er Gud, ein gud eller ein avgud, er elles ei interessant akademisk øving. Muhammed Assad er ein kapasitet, men det finst mange vegvisarar.
Dersom folk tok seg tid til å sjå kva som står i Koranen (som under ein prosent av etniske nordmenn har gjort), vil dei sjølvsagt kunne sjå både vakre og poetiske passasjar.
Men dei vil òg oppdage forferdelege trekk som forklarar noko av det barbariske islamistiske tyranniet som slår rot i stadig fleire land.