Kommentar
Anne Kalvig – ei norsk Jordan Peterson?
Rett før helga fekk vi vita at Anne Kalvig, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger (UiS), etter 25 år no seier opp stillinga si utan å ha nytt arbeid å gå til.
Slikt er svært sjeldan kost, og når Stavanger Aftenblad spør Kalvig om bakgrunnen for det dramatiske valet, handlar svaret til den røynde akademikaren om mobbing og trakassering.
Kalvig er blant svært få norske akademikarar som har heva røysta på feltet kjønn og kjønnsidentitet – med utgangspunkt i at biologi framleis må ha forrang framfor psykologiske og subjektive oppfattingar av kjønn.
Kalvig oppgir sjølv at ho har blitt ei «skyteskive» og hamna i ein «svertekampanje» på grunn av synet sitt på kjønn som forankra i biologi og empiri.
Det vil neppe overraska mange at også vi her til lands får akademikarar som ser seg nøydde til å trø ut av institusjonar som, trass påstandar om akademisk fridom, toleranse og stor takhøgd, ser ut til å gå heilt i takt på visse område. Kjønn er definitivt eitt av desse.
Tilbake i 2016 vekte det internasjonal merksemd då professor i psykologi Jordan Peterson ope protesterte mot det canadiske lovforslaget C-16 (vedteke som gjeldande lov i 2017). Forslaget handla om rettar knytt til såkalla «gender identity», (kjønnsidentitet).
Dette slår blant anna fast at kjønnsbasert trakassering kan innebera at nokon nektar å bruka det pronomen ein person har valt seg ut på bakgrunn av subjektivt opplevd kjønnsidentitet. For Peterson vart dette forsøket frå myndigheitene på å regulera borgarane sitt språk, dropen som fekk det til å renna over.
Motstanden gjorde Jordan Peterson til ein verdskjend medieprofil, og i ein av mange YouTube-videoar ga Peterson til kjenne at han hadde rekna på kostnaden ved å gå mot straumen. Fram til då hadde han resonnert som følgjer:
«Dei personlege konsekvensane av å protestera er enorme. Effekten på samfunnet av at eg protesterer, er minimal. Det er ikkje verdt det».
I møte med dette forslaget, kunne likevel ikkje Peterson sitja stilt lenger. Det førte også han ut av universitetskontoret med eit smell.
I ettertid er det lett å sjå at han fekk rett. I alle fall med tanke på første del av spådomen sin. I norske medium vert Peterson til dømes svært ofte omtalt som «omstridd», «omdiskutert» og «kontroversiell», sjølv om han like gjerne kunne vore kalla «populær», «bestseljande» og «uredd».
Dei langsiktige effektane av at ein som Peterson protesterte, er det framleis vanskeleg å slå fast. Det er kanskje lett å sitja på sidelinja og seia at det å seia ifrå alltid er «verdt det».
Men for alle som ønskjer eit fritt samfunn der folk ytrar seg og der akademia ikkje er ein klubb med obskure introverte som meiner det same, bør det vera ein ryggmergsrefleks å lytta til folk som ber store kostnader for å fremja upopulære synspunkt.
Det tek oss tilbake til Anne Kalvig, ein norsk radikalfeminist som garantert har meir enn ei høne å plukka med Jordan Peterson. Ho er ikkje nett den ein typisk assosierer med den canadiske psykologiprofessoren, for å seia det slik.
Likevel er det grunn til å stilla spørsmål om ho ikkje nettopp har blitt ein norsk variant av Peterson.
Det bør mana til ettertanke at personar med så ulikt innsteg og forankring som Peterson og Kalvig begge hamnar utanfor akademia for å insistera på biologi og objektivt observerbare fakta som umissande premiss for vår felles samtale. Ein skulle tru at dette var det mest sjølvsagde av alt, særleg i akademia. Vi konstaterer at slik er det ikkje.
Ei slik erkjenning må likevel ikkje føra til resignasjon, men heller skapa motivasjon. Denne saka viser at dei mest ulike av personar kan ha ei felles interesse som er heilt grunnleggjande, nemleg at orda og omgrepa våre framleis må ha forankring i fakta.
Å gjera sanninga til noko subjektivt, noko som berre eksisterer for den einskilde, skaper eit kaos vi i dag berre ser starten på.
Det er ikkje oppskrifta på eit samfunn med meiningsfylt samtale, uansett om temaet er kjønn eller noko anna.
Det oppsiktsvekkjande oppslaget om ein universitetsprofessor som sluttar utan noko nytt jobbtilbod, bør vera eit skarpt signal til oss alle om det viktige i å stå opp for sanninga – også når det kostar dyrt.