Kommentar
DRASTISK VAL: Anne Kalvig har slutta som professor utan å ha nytt arbeid å gå til
Carina Johansen/NTB
Anne Kalvig – ei norsk Jordan Peterson?
Rett før helga fekk vi vita at Anne Kalvig, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger (UiS), etter 25 år no seier opp stillinga si utan å ha nytt arbeid å gå til.
Slikt er svært sjeldan kost, og når Stavanger Aftenblad spør Kalvig om bakgrunnen for det dramatiske valet, handlar svaret til den røynde akademikaren om mobbing og trakassering.
Kalvig oppgir sjølv at ho har blitt ei «skyteskive» og hamna i ein «svertekampanje» på grunn av synet sitt på kjønn som forankra i biologi og empiri.