Debatt

ANTISEMITTISME: I dag er diverre antisemittisme på nytt i framgang, skriv Kjell Furnes.

Antisemittisme – opphav og utvikling

Publisert Sist oppdatert

Antisemittisme, aktivitet og resultat utviklar seg i dag med sterke utslag over den ganske verda. Også i vårt kjære fedreland kan forsking dokumentere at den er på frammarsj. Uttrykket antisemittisme er ikkje gammalt. Det var den tyske diktaren Wilhelm Marr som skapte dette då han i 1879 gav ut si bok «Jødedommens seier over germanismen».

Same året oppretta han sin «Antisemiten-Liga». Den første tyske organisasjonen med formål å forsterke skuldingane mot jødane at dei utgjorde ein trussel mot det tyske rike. Antisemittisme er ikkje religiøst motivert, men rasistisk. Angrepet er retta mot eit folk fordi dei er jødar.

Ei sak som skulle forsterke hatet mot jødane kom gjennom det som fekk uttrykket «Sions Vises Protokoller» I året 1864 vart det i Brussel gitt ut eit skrift, ein pamflett, retta mot Napoleon III. I året 1901 og i 1903 dukka det opp i Russland i eit antisemittisk tidsskrift, og i 1905 kom det ut i bokform. Boka var «protokollar» som skulle stamme frå hemmelege møter under den første sionistkonferansen i Basel i 1897.

Antisemittisme er ikkje religiøst motivert, men rasistisk.

Her skulle det ha vore planlagt å danne ein hemmeleg verdsorganisasjon, som i samarbeid med liberale og sosialistiske grupper og frimurarar, skulle bryte ned den kristne kulturen, og sjølv overta makta. Formelt var det professor Sergei Nilus som stod bak, men det var etter initiativ av tsarens hemmelege politi. Den vart eit viktig våpen i kampen mot liberalisme og menneskeverd i Russland. Etter Oktoberrevolusjonen i 1917 vart boka trykt på mange språk og spreidd i heile Vest-Europa.

Sjølv om den året 1921 vart avslørt som eit plagiat vart den ikkje stoppa. Den vart fleire gongar avslørt som eit falskneri, siste gong ved ein domstol i Bern i 1934–35. Bodskapen frå boka vart etter kvart nytta som eit verktøy for å knuse det jødiske folk sitt truverd og menneskeverd. Då Hitler i 1923 retta sin strategi mot jødane hadde han følgjande «diagnose»: «Jødene er nok en rase, men ikke menneske i betydningen Guds bilde. Jødene er djevelens bilde. Jødedommen er nasjonenes rasetuberkulose.»

I Norge kom den første utgåva ut i året 1921 under tittelen: «Den nye verdenskeiser.» Den var flittig brukt utover i 1920–30 åra. Særleg då i Nasjonal Samling sitt blad «Fritt Folk». Men stoffet fekk feste både i det politiske og kyrkjelege miljø. Vi kan merke oss at den kjende professor Gisle Johnson i 1923 skreiv ein artikkel i bladet «Kirke og Kultur» om «Jødisk maktlyst og maktutfoldelse». Han konkluderer følgjande: «Nu, så meget er sikkert, at det finnes ikke noget folk på jorden som er så maktsykt som jødene.» (Ansvarleg redaktør var biskop Jens Gran Gleditsch)

Tek vi eit glimt inn i det juridiske miljø så finn vi høgsterettsadvokat Eivind Saxlund sitt skrift: «Jøder og Gojim». Han skriv her mellom anna: «Hvis Du, ribbet for ethvert Ideal, er blit en blot og bar materialist og Kosmopolit, Da er du sunket ned i det laveste Trinn du som Samfunnsmenneske kan intage. Du staar da under Jøden.» Ein skribent i Dagbladet hadde stempla boka som «antisemittisk smusslitteratur», ei skulding som Saxlund fremja i retten. Han måtte gå på eit sviande nederlag.

Går vi over til det poliske miljø så finn vi også mykje underleg. Eg merkar meg at særleg Bondepartiet hadde mykje negativt å leggje på det jødiske folk. I 1929 var saka om jødane sin slaktemetode (schachting-saka) oppe i Stortinget. Då uttalte Bondepartiet sin leiar, og seinare statsminister, Jens Hundseid følgjande: «Vi har ikke invitert jødene hit til landet og vi har ingen forpliktelser til å skaffe jødene dyr til deres religiøse orgier.»

Då Stortinget i 1930 handsama spørsmål om innvandring, og då særleg jødane som no kjende trykket frå Hitlers rasediskriminering, hadde Hundseid følgjande kraftsalve i Stortinget: «Det ligger en stor fare rent rasehygienisk i dette at ungdom med oppdrift reiser, mens vi får skrap tilbake.» Han trudde synleg på fascistiske raseteorier, og melde seg seinare inn i Nasjonal Samling.

I dag er diverre antisemittisme på nytt i framgang. Under ein tur i Israel i oktober 2022 møtte vi ein eldre amerikansk jøde. Han kunne fortelje at talet på amerikanske jødar som reiser til Israel aukar sterkt. Kvifor det? Jau – antisemittismen aukar i USA som aldri før.

Avdøde statsråd Kåre Kristiansen skriv i forord til ei bok om temaet antisemittisme, skreve i 2001: «I dag griner igjen jødehatets motbydelige ansikts mot oss. Vi kjenner det igjen i nynazismens jernskodde støveltramp. I Øst-Europa har den demokratiske utvikling dessverre ikke maktet å frigjøre sinnene fra det menneskefiendtlige hat mot jødiske minoriteter.

Men her hos oss er da situasjonen en helt annen og mer positiv, vil mange hevde. Dessverre er dette en sannhet med sterke forbehold. Også i vårt land brer jødehatets kreftsykdom seg. Årsaken til utviklingen er i stor grad den historieforfalskning som våre massemedier bedriver fra sine reportasjer fra Midtøsten-krisen, som demoniserer Israel og dets folk.»

Etter som forsking i dag kan leggje fram, så har «jødehatets motbydelige ansikt» ikkje blitt svakare dei siste 20 åra.

Powered by Labrador CMS