VAKTHALD: Antisemittiske haldningar i vårt land er dokumentert av det norske Holocaust-senteret, og er stadfesta av kulehol i den jødiske synagogen i Oslo og trongen for vakthald rundt denne, skriv innsendaren.
Bjørn Sigurdsøn, NTB scanpix
Antisemittismen i vår tid
Diverre ser det ut til at stadig fleire, også kristne, trur at dei støttar det arabiske folket som no kallar seg palestinarar ved å ta del i propagandaen frå korrupte og undertrykkjande islamske leiarar.
Årsaka for dei fleste er truleg manglande kunnskapar. Generalsekretær Berit Hagen Agøy sitt innlegg i Dagen 10. august om Israel og folkeretten er likevel uventa. Kan Den norske kyrkja, som ho representerer, verkeleg vedkjenna seg ei slik historieskriving?
Jødane si nærare 2000-årige flyktningsoge i Europa etter at romarane dreiv dei ut frå landet sitt i år 70 og i år 135 er interessant og til tider vond og dramatisk. Heile tida har det vore periodar der jødane har fått leva roleg og tilført omgjevnadene kulturelle og økonomiske verdiar.
Likevel har antisemittismen gong på gong dukka fram. Denne er som ein giftgass som lammar vurderingsevna. Mistankar vert kasta fram, og så skal jødane straffast for det dei med urett er skulda for. Nedslakting og bortdriving har vorte resultatet.