Debatt
ERLING THU: Forkynnar i Kristent Nettverk.
KS arkiv
Ap og Sp svekkjer trusfridomen
Det er trist at den noverande Ap/Sp-regjeringa svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn. Det er særleg lov om den såkalla konverteringsterapien og forslaga til ny lov om trudomssamfunn som er problematiske. Det kan verka som om Ap/Sp korkje forstår menneskerettane eller vår eigen grunnlov med desse lovforslaga.
Om den nye konverteringslova blir vedteken, mistar vaksne menneske retten til å få sjelesorg eller forbønn når dei søkjer råd sin homofile legning. Folk som gjev råd, forbønn, handspålegging og liknande til dei som ber om det, kan risikera fengselsstraff. Dette bryt klart med menneskerettane.
Dessverre er lova om trudomssamfunn, som vart vedteken under den førre regjeringa, også problematisk, men Ap/Sp gjer no dette endå meir problematisk. Dei utvidar retten til å nekta trudomssamfunn registrering og rett til støtte. Dette strir heilt klart mot paragraf 16 i grunnlova som slår fast at vi har religionsfridom og at Dnk og alle «trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line».