Leder

ABORTDEBATT: Aps Kamzy Gunaratnam meiner dagens abortgrense på 12 veker kan tolkast som eit uttrykk for negativ sosial kontroll frå staten si side. Det er useriøst.

Ap rotar til abortdebatten

Publisert Sist oppdatert

Onsdag kom nyheita frå helseminister Ingvild Kjerkol. Ikkje uventa er det no vedteke at regjeringa skal leggja fram forslag til ny abortlov. Hovudmomentet i debatten dreier seg om utvidinga av grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker.

Utvidinga av grensa til 18 veker er ofte framstilt litt tvitydig frå forkjemparane si side. På den eine sida ser dette ut til å vera ein viktig markør for kvinners rett til å «bestemma over eigen kropp» som det heiter i slagordet.

På den andre sida vert utvidinga tona ned som eit meir teknisk «kart- og-terreng-spørsmål», der lovverket no skal harmonera meir med det som alt er praksis. I dei aller fleste tilfella får kvinner innvilga abort mellom 12 og 18 veker også med dei atterhalda som dagens lovverk legg opp til.

I Aftenposten kunne vi nyleg lesa om Kamzy Gunaratnam (Ap) som har fått i oppgåve å samla eit stortingsfleirtal for den nye lova. Argumentasjonen hennar er mildt sagt oppsiktsvekkjande.

Gunaratnam tolkar ei abortgrense ved 12 veker «litt som negativ sosial kontroll» som ho uttrykkjer det overfor Aftenposten. Slik argumentasjon minner om kor lite plass det er blitt for tanken om at fosteret har menneskerettar, og i det heile kor altoverskyggande kvinnerettar har blitt i ei sak der fosteret er ein av to hovudpersonar.

At ei abortgrense ved 12 veker skulle dreia seg om negativ sosial kontroll fortel dessutan noko om kor tilfeldig retorikken og argumentasjonen i debatten har blitt. Kva skulle for eksempel tilseia at ei abortgrense i veke 18 ikkje er negativ sosial kontroll?

Ho meiner sikkert å tilføra debatten ein ny dimensjon ved å gjera abortgrensa til eit spørsmål om negativ sosial kontroll. Men Gunaratnam gjer seg snarare til talskvinne for ei grov overforenkling av spørsmål som vi inntil nyleg såg som etiske dilemma. Som vi dessutan har godt av å sjå som etiske dilemma. For abort dreier seg framleis om to liv. Kvinna sitt og fosterets.

Kva skulle for eksempel tilseia at ei abortgrense i veke 18 ikkje er negativ sosial kontroll?

Tendensen til å villa oversjå fosteret, og gjera abort til eit spørsmål som berre dreier seg om kvinners rettar vis-a-vis staten er Ap-kvinna slett ikkje åleine om. Men når ho no vil framstilla det som det som norsk lov gjennom femti år har halde kvinner fanga i negativ sosial kontroll, er det vanskeleg å ta henne seriøst.

Tankevekkjande er også Ap-politikarens haldning til andre synspunkt i abortsaka. Ho «respekterer» alle dei andre partia sine syn, men gjer eit unnatak for KrF, dei mest reelle meiningsmotstandarane sine.

Fordi «de skader debatten» og «forenkler debatten med en moralsk opphøyd rolle». Det må vera lov å spørja om Gunaratnam i det heile er interessert i reelt meiningsmangfald i denne saka.

Ein kan like gjerne seia at forenklinga består i å få debatten til å handla om heilt andre ting. Slik som at viljen til å verna om ufødd menneske er uttrykk for negativ sosial kontroll frå staten.

Intervjuet med Kamzy Gunaratnam er både illustrativt og avslørande. Når debattantar både diskrediterer meiningsmotstandar og i tillegg dreier debatten vekk frå fosteret og inn på heilt andre felt, blir det lite meiningsmangfald att.

Argumentasjon av denne typen er kanskje også litt av bakgrunnen for at denne abortdebatten har vore prega av lågare engasjement enn tidlegare frå dei som ein kunne forventa ville halda «Ja til livet»-parolen høgt.

Det er ein debatt som er blitt teknisk – det handlar om litt tilfeldige tal på veker – og fosteret som person vert gjerne fortrengt til fordel for andre tema, akkurat som sosial-kontroll-sporet til Ap eksemplifiserer.

Sjølv om vi bør uroa oss over kva lovverket gjer med oss, og at utviding av abortgrensa fører oss i heilt feil retning når det gjeld menneskeverd, sorteringssamfunn og omsyn for svake, er ikkje dette ei tid for kristen resignasjon når det gjeld dei ufødde.

Det er ikkje berre lovverket vi lever under som avgjer kven vi er. At menneske engasjerer seg og argumenterer for dei svakaste, og utrøytteleg arbeider for retten til at deira perspektiv skal koma fram, uansett rammer og rådande trendar, har ein heilt avgjerande verdi.

Når Ap vel å rota til debatten trengst eit ryddig primærstandpunkt meir enn nokon gong. Ja til livet.

Powered by Labrador CMS