Applausen i Sarons dal
I denne veka var eg attende i Sarons Dal for å vera med på møte. Det var mange som kom til meg for å seie at dei ikkje kjende seg att i skildringa di, Magnhild.
Magnhild Meltveit Kleppa var skuffa over å få lite applaus i Sarons Dal. På typisk raudgrønt vis meiner ho det er publikum det var noko gale med.
Se hele politikermøtet i Sarons Dal i opptak på nett-TV på Dagen.no
I same innlegg seier ho at «i Sarons dal vart Knut Arild Hareide frå KrF nærast som ein gissel for eit langt større Frp» og ho syner særleg tilalkohol- og bistandspolitikken. I denne veka var eg attende i Sarons Dal for å vera med på møte - det var mange som kom til meg for å seie at dei ikkje kjende seg att i skildringa di, Magnhild.
Det som falt Kleppa tungt for brystet var at Frp sin Ketil Solvik Olsen fekk applaus. Men det var ikkje Frps alkoholpolitikk han fekk applaus for, men at han lyfta fram ideell rusomsorg og at han synte at mora hans har arbeidd innan rusfeltet i Sandnes i mange år og er eit vitne på at dagens politikk ikkje fungerer. Men salen responderte med langt kraftigare applaus då eg utfordra Solvik Olsen på at den norske alkoholpolitikken er langt betre enn i land sørover i Europa og at individuell fridom handlar også om å tryggleik for den einskilde.
Det Kleppa heilt ser bort frå er at det er ikkje berre Frp som sviktar i alkoholpolitikken. Sp sin parlamentariske leiar Trygve Slagsvold Vedum lova hausten 2011 i VG at regjeringa ville redusera skjenketida frå kl. 03 til kl. 02. Regjeringa gjekk attende på lovnaden. Og Sp sitt landsmøte i 2013 valde i dette spørsmålet å sjå bort frå det tydelege rådet frå politiet i denne saka dessverre.
Kleppa seier i innlegget at dette var eit såkalla «kristeleg» stemne. Det kan tyde på at ho ikkje var heilt nøgd med publikum. Men hadde Frp i denne debatten blitt utfordra på at partiet både seier ja til aktiv dødshjelp og ja til tidleg ultralyd som kan sortere bort born med Downs syndrom, hadde nok applausen stilna i Sarons Dal. Men det er ikkje publikum i Sarons Dal sin feil. Det må vel du og eg som paneldeltakarar ta ansvar for, Magnhild? I staden kom det fram at Frp no har snudd og no vil gje fastlegar rett til å reservere seg mot abort. I motsetnad til den raudgrøne regjeringa di, Magnhild. Eg forstår at Frp fekk applaus for at dei no har endra syn i dette viktige prinsipielle spørsmålet.
Kleppa er også uroleg for at KrF skal inn i regjering «der dei største partia vil føra ein meir liberal alkoholpolitikk og redusera bistanden». KrF har delteke i mange regjeringar og aldri redusert bistanden til dei fattige i verda. Det kan Kleppa kjenna seg trygg på ikkje vil skje etter 9. september også. Når det gjeld alkohol bør Kleppa merka seg at Solvik-Olsen denne veka til NRK «avviser at alkoholpolitikken er noen hovudsak for Frp». Det er derimot ei særs viktig sak for KrF!
Til slutt om regjeringssamarbeid. Det er eit samrøystes landsstyre i KrF som seier at ei stemme på KrF er ei stemme på ny regjering! Alt tyder no på at det blir eit skifte og då syner Kleppa sitt innlegg at det er viktig med eit sterkt KrF!