Frispark
ARBEIDARPARTIET: Det norske sosialdemokratiet ville tene på eit opnare samarbeid offentleg-privat, skriv Hallgrim Berg.
Arbeidarpartiet på 15 prosent – snart opp til 25 og 35?
Det går nedover med sosialdemokratiet. Siste måling, attgjeve i Vårt Land like før jul, viste ei oppslutning om Arbeidarpartiet på 14,6 prosent. Det er no mest uverkeleg å høyre om stordomstida i førre hundreåret, då partiet kunne mønstre nær 50 prosent av veljarane.
Det verkar òg uendeleg fjernt då Thorbjørn Jagland ved stortingsvalet i 1997 stilte «ultimatum» til det norske folket om 36,9 for å halde landet med A-regjering. Sidan den tid har gallupen svinga ofte, men den langsiktige trenden har vore dramatisk nedgåande – det gjeld både om partiet har hatt styringsmakt eller vore i opposisjon.
Ein kunne kanskje tru at den politiske høgresida no kosar seg med den politiske utviklinga i landet. Det gjer ikkje eg. Arbeidarpartiet har i alle år arbeidd for å gjera livet betre for folk. Eg vedgår difor at eg gjerne vil ha Arbeidarpartiet opp att i storleik.